Sunnmørsalpane

Sunnmørsalpane er eit alpint fjellområde som ligg i Ørsta, Stranda og Sykkylven kommune, med tindar opp mot 1717 moh. rett opp frå fjorden. Fjella er alpine med pinaklar og tindar, bratte skrentar og stup. Slogen, Kolåstinden, Hornindalsrokken, Skårasalen og Råna er blant dei kjende fjella i Sunnmørsalpane.

Fjellområdet byr på alt frå enkle turar etter merka stiar i flate fjelldalar til dei meir spektakulære tindebestigningane, som folk kjem langvegs frå for å oppleve. Sommaren og hausten innbyr til fine fotturar, medan ein om vinteren og utover våren kan oppleve fjellområdet på ein spektakulær måte med ski på beina. Med utsikt over vakre fjordar kan ein cruise ned fjella i puddersnø.

Vassdalstinden. | Foto: Tone Solhaug

Eventyr frå Sunnmørsalpane

fjell
Scroll to Top