Nordlysfest på 623 meter over havet

22. oktober 2019

Det er ein fin haustdag i oktober. Skarpt solskin får haustfargane til å eksplodere i raudt og gult. På mobilen tikkar det inn varsel om nordlys, kp-index 6 er meldt for kvelden. Dette må vi få med oss!

Planen er overnattingstur – men kva fjell skal vi velje? Det blir fjellet bak huset vårt: Helgehornet (623 moh.). Fjellet har fleire kilometer til nabofjella, og dermed flott utsikt i alle himmelretningar. Helgehornet er ein populær og lett tilgjengeleg tur, og det er difor sjeldan du er heilt åleine her. Men toppen er stor, og går du litt vekk frå varden er der mange fine teltplassar du kan ha for deg sjølv. 

Sjølv om sekken er tung, er det heldigvis ikkje så langt å gå.

"Eg får sett opp teltet, rigga til liggeunderlag, sovepose, pute og pledd. No skal alt vere klart for ei behageleg natt i fjellet"

Det er seinhaust med ei skarp og klar luft, og vi treng mykje ved og kle skal ein “frostpist” som meg klare å sitje ute heile kvelden. Ein 90-liters sekk blir pakka full med ved. Eg oppdagar fort at skal vi få med oss alt utstyret opp, treng vi tre fulle fjellsekkar. Eg vel difor å ta meg ein ekstra tur tidlegare på dagen, med sekken stappa med telturstyr. 

Eg får sett opp teltet, rigga til liggeunderlag, sovepose, pute og pledd. No skal alt vere klart for ei behageleg natt i fjellet. Sola skin i teltduken og varmar godt. No er det berre å jogge ned igjen og pakke ferdig. Med ein tom fjellsekk går det leikande lett. 

Stig har kome heim i frå jobb, og vi pakkar resten av utstyret. Knut plukkar oss opp og vi startar på stien opp til Helgehornet. 

"Vi er alle samde om at dette er mykje betre enn ein kveld med Netflix"

På toppen bles det ein god del og vi diskuterer kvar som er den perfekte bålplassen. Vi finn ly for den kalde vinden i ei lita skråning og Stig og Knut leiter fram gamle speidarkunstar. Snart kan vi varme oss på det sprakande bålet. 

Det har blitt mørkt rundt oss, og medan vi sit tett saman rundt bålet og nyt middagen, sprakar nordlyset rundt oss. Med kakao og whiskey i glaset kan vi lene oss tilbake og nyte det magiske showet i grønt og raudt på himmelen. Vi er alle samde om at dette er mykje betre enn ein kveld med Netflix. 

Klokka er over tre om natta når showet på himmelen gir seg. Det er tomt for vedkubbar og whiskey, og eg kryp ned i soveposen etter ein magisk kveld i Sunnmørsalpane.  

Helgehornet

VANSKEGRAD: enkel
TYPE: fottur
SESONG: heile året
TIDSBRUK: 0,5 – 1 time opp
HØGDE: 623 moh.
KOMMUNE: Volda

Start

Parker ved skytebana i Sollidalen. Her er god parkering og stiane mot toppen er godt merkt. To alternative stiar gir ein flott rundtur.

fjell
Scroll to Top