Skieventyr frå tare til tind

28. april 2020

Få ting slår “ski and sail” på verdas vakraste fjord. Å kunne legge det første skisporet i urørt snø, velje den perfekte linja ned og avslutte dagen i ein glovarm stamp på båtdekket. Dette må berre opplevast! 

Ein grå dag i mars pakkar eg og Live sekkane fulle med overnattings- og skiutstyr og vender snuten mot Sæbø. Vi skal prøve konseptet “ski and sail” på Hjørundfjorden. 

Vel innlosjerte i lugaren vi skal dele for natta, får vi servert ein god middag medan båten durar behageleg over fjorden. Vi ser lys i det fjerne, og forstår at vi nærmar oss Sykkylven, der vi skal ligge til kai for natta. 

Play Video

Sjå video her!

"Vi veit det vil bli ein lang tur, så det er berre å prøve å få seg litt søvn"

Etter middag er det informasjonsmøte med guidane. Her ser vi på skredvarslinga og studerer rutevalet opp mot målet for turen: Tungremtindane. 

Vi er om lag 20 personar på båten, og det blir diskusjon om korleis vi skal dele inn gruppene. Det er litt skummelt å vere på tur med så mange ukjende folk. Spørsmåla som: er eg i god nok form?, vil eg sinke gruppa?, vil eg klare å gå turen? dukkar raskt opp.   

Så når guiden spør kven som vil vere i den bakarste gruppa, er eg rask til å rekke opp handa. Eg vil nemleg nyte turen i roleg tempo og få tid til både fotografering og filming. 

Før vi legg oss for kvelden tek vi ein liten luftetur ut i den kalde vårkvelden. På kaia lyser Sykkylvs-skiltet opp båten og vi kan skimte nokre få stjerner mellom skyene. Vi veit det vil bli ein lang tur, så det er berre å prøve å få seg litt søvn.

Live er klar for tur!

"Sola kjemper seg gjennom skydekket og glitrar over Hjørundfjorden"

Live, som er ein ekte viking og i løpet av ein vinter har fleire overnattingar ute i telt enn inne, synest lugaren er alt for varm. Eg registrerer at ho i løpet av natta klyv ned frå køysenga og tek seg ein tur opp på dekk. Eg er spent på morgondagen og får heller ikkje sove så mykje. 

Alt for tidleg ringer vekkerklokka. Litt omtåka kjem vi oss opp i spisesalen og her slår lukta av nytrakta kaffi mot oss. Takk og lov!  Snøen dalar lett utanfor båtvindauget, og vi kan skimte blå himmel i det fjerne. Vi kviknar kjapt til etter ein god frukost medan vi entusiastisk snakkar om at dette må bli ein bra dag! 

Når nista er smurt og skiutstyret pakka, blir vi henta i minibuss på kaia klokka åtte. Vi har tilgang til bommen opp til Riksemdalen, og håper at taxien vil køyre oss 300 høgdemeter opp i dalen. Men taxien vil ikkje køyre så langt, og stoppar eit stykke før bommen… Auch! 300 høgdemeter ekstra å gå. Jaja, det er berre å feste skia på sekken og trakke seg oppover vegen. 

Eit stykke inn  i dalen kjem endeleg skia på, og i roleg tempo koser vi oss oppover mot toppen. Sola kjemper seg gjennom skydekket og glitrar over Hjørundfjorden. 

"Alle gliser frå øyre til øyre
og det kiler litt i magen her
vi humpar avgarde på den supersmale grusvegen"

Tungremtindane består av tre toppar, og medan resten av turgjengen går vidare til topp nummer to, får eg og Live den første toppen for oss sjølv. Det er vanskeleg å beskrive korleis eg har det akkurat no. I tillegg til å kjenne på ei enorm meistringskjensle får eg dele opplevinga og den magiske utsikta med ei god venninne.  

Nede på fjorden ser vi båten vår kome glidande gjennom vatnet, med mål mot Trandal. Planen er å renne ned Nesdalen. Her får vi kjekk skikøyring i fin slusj før skia må på sekken igjen og vi trakkar oss ned mange høgdemeter til Nes. 

Turen har vore lang og dryg, og eg blir letta når eg ser Daniel Storeide som ventar på Nes med ein gammal lastebil, klar til å frakte oss inn til Christian Gaard. Å sitje på det gamle lasteplanet er ei oppleving i seg sjølv. Alle gliser frå øyre til øyre og det kiler litt i magen her vi humpar avgarde på den supersmale grusvegen.  

I den lune, varme stova på Trandal, med god stemningsmusikk over anlegget, muntre skigåarar og vin i glaset, reflekterer vi over dagens tur og ser over bilda på kameraet. 

Mannskapet på båten Slogen står klare på dekk og grillar middag til oss. Det luktar godt og det rumlar i ein svolten mage. Båten køyrer mot Sæbø igjen, og dei som vil kan mjuke opp stive skimusklar i badestampen på dekk. Snakk om luksus på førsteklasse!

Tungremstindane

VANSKEGRAD: krevjande
TYPE: skitur
SESONG: januar – mai
TIDSBRUK: 3 – 4 timar opp
HØGDE: 1290 moh.
KOMMUNE: Ørsta

Tungremtindane er eit grensefjell mellom Ørsta og Sykkylven kommune. Fjellmasivet består av fleire toppar.

Start

Frå Erstad i Sykkylven følg du anleggsvegen opp Riksemdalen (sperra med bom). Rund Storevatnet mot aust og følg austryggen til topps. 

For ein rundtur (krev planlegging av logistikk) tek ein første skaret mot sør for nedkøyring ned Nesdalen til Nes.

 
fjell
Scroll to Top