Hjørundfjorden

Midt mellom dei spektakulære tinderekkene på Søre Sunnmøre smyg Hjørundfjorden seg fram. Tærne av Sunnmørsalpane badar seg i Hjørundfjorden, medan resten av fjellformasjonane stig høgt opp mot sola og nyttar fjorden som spegl.

Hjørundfjorden ligg i Ørsta- og Sykkylven kommune. Fjorden er 35 kilometer lang, 440 meter djup på det djupaste, og er ei fjordarm av Storfjorden, som strekker seg frå Ålesund kommune.

Du kan mellom anna gå Hjørundfjorden rundt, Sunnmøre sitt svar på “Haute Route”. Turen, som er på om lag 120 kilometer, byr på spektakulære opplevingar i hjartet av Sunnmørsalpane. Her blir du kjent med eit av Noregs villaste fjellområde, som omkransar fjorden. Rundt Hjørundfjorden ligg mellom anna bygdene Bjørke, Leira, Viddal, Sæbø, Standal, Trandal, Urke, Øye og Skår.

Maudekollen. | Foto: Tone Solhaug

Sæbø

Bygda Sæbø har ei spektakulære sentrumsutsikta mot Slogen, Jakta og Saksa. Trass eit lågt innbyggertal er det mykje som skjer i bygda. Kvart år arrangerer FriFlyt High Camp Sunnmøre. På desse dagane blir bygda fylt med smilande folk i fargerike gore-tex-klede. Sæbø er eit fint utgangspunkt for korte og lengre fjellturar, fiske, båttur eller sightseeing.

Bjørke og Viddal

I kulturbygda Bjørke kan ein leve seg mange hundre år tilbake i tid. Her finn du mellom anna det freda Bakketunet med sine seks ærverdige bygningar der tømmeret i dei eldste husa er datert attende til 1549. Bjørke er eit fint utgangspunkt for fjellturar, kajakk-padling og elvefiske. Kvart år blir festivalen Indifjord arrangert.
Slogen. | Foto: Tone Solhaug

Trandal

Trandal er ei “veglaus” perle, og ein må anten reise med ferje, skyssbåt, eller gå ein overgangstur over fjellet for å kome hit. Trandal er eit unikt utgangspunkt for minnerike fjellturar, sommar som vinter. Her finn du også det karakteristiske “kråkeslottet” Christian Gaard Bygdetun. Eit vertshus og pub med ei unik historie. Her kan du nyte god mat og drikke med ei spektakulær utsikt. Du kan bokstavelig talt reie deg inn i solnegongen på den berømte “trandalreia”, eller få med deg ein festival eller tre om sommaren. Kvart år blir nemleg festivalane Trandalblues, Trandal Countryfestival og Trandalrock arrangert, som alle byr på både norske og internasjonale musikarar.

Urke, Øye og Norangsdalen

Urke ligg tvers over fjorden frå Sæbø. Her har du eit perfekt utgangspunkt for Leknesnakken, Saksa og Hjørundfjordegga. På Øye ligg eit av Europas mest herskapelige hotell: Hotel Union Øye. Hotellet har vore eit attraktivt reisemål for eventyrarar, kongelege og forfattarar sidan 1891. Etter ein kort sykkel eller biltur frå hotellet kjem du inn i den spektakulære Norangsdalen, som mange meiner er verdas vakraste dalføre. Her må du hugse å stoppe ved Lygnstøylvatnet som er omtalt som eit av dei beste ferskvannsdykka i Norge. På botnen finn du eit eige univers av ei gamal seter med steingårdar og vegar.

Saksa. | Foto: Tone Solhaug

Eventyr frå Hjørundfjorden

fjell
Scroll to Top