Sylskarp klyvemoro

Det er ein varm sommardag i august. Eg, sambuar Stig og Jonny står tidleg opp og er superklare for ein dag med tindeklyving i Sunnmørsalpane. Målet for dagen er fjellrekka sør for Standalseidet. 

Vi tek av frå vegen til Standalseidet og parkerer ved Harpedalen, får på oss sekkane og trakkar oss opp til Harpedalsvatnet. Her er det megaidyllisk og eg noterte bak øyra at dette er ein perfekt plass for telttur.

Frå vatnet sett vi nasen mot første topp for dagen: Sandhornet (985 moh.). Sjølv om det er tidleg på morgonen, steiker sola godt og dufta av sveitte kroppar og solkrem blandar seg med lukta av mose og lyng. No er dei tyngste høgdemeterane gjort og det blir ei liten matpause på toppen, før vi følgjer ei god og brei rås vidare mot Grøthornet (1086 moh.) og Hellefjellet (1239 moh.)

Foto: Tone Solhaug

"Ei enorm glede boblar opp frå djupt inne i meg over den sylskarpe klyvinga. Litt som boblene i ei proseccoflaske som berre må opp til flaskehalsen"

Her endrar terrenget seg og blir meir alpint. Eg blir reint euforisk av utsikta over den taggete fjellegga. Vi skal no over eit luftig og eksponert parti mot Kalvedalsegga. Her er vi litt usikre på kva som kan møte oss vidare, så klatreselen kjem på om det skal bli behov for sikring.

Ei enorm glede boblar opp frå djupt inne i meg over den sylskarpe klyvinga. Litt som boblene i ei proseccoflaske som berre må opp til flaskehalsen. Eg smiler frå øyre til øyre og konsentrerer meg om å plassere føtene trygt på den smale egga.  

Frå topp-punktet på Kalvedalsegga (1234 moh.) går egga vidare til Blåtindane. Det er grei klyving til begge toppane, men mykje laus småstein som vi må passe oss for. 

Etter Blåtindane klyv vi opp nordsida av Nordre Grøtdalstind (1325 moh.), som krevde full merksemd. På toppen kan vi nyte utsikta over fjordkrysset i Hjørundfjorden og fjella rundt.

"Gutta krutt som har mykje
meir energi å gå på, starter
på vardebygging etter alle kunstens reglar"

Det har blitt ettermiddag, og vi må kome oss vidare om vi ikkje skal mørkne ute! Vi klyv ned igjen frå Nordre Grøtdalstind mot egga til Høgrestinden/Nøvedalstiden (1244 moh.) Her er egga til dels særs luftig (og gøy). Siste biten opp til Høgrestinden synest vi er for luftig til å klyve sidan ingen av oss har vore her før og vi er usikre på kva som kan møte oss. Her blir det difor ei 30 meters taulengde. 

Høgrestinden er ein luftig og flott topp, men den har ikkje varde! “Gutta krutt” som har mykje meir energi å gå på, starter på vardebygging etter alle kunstens reglar. Etter at Stig og Jonny er nøgde med kunstverket sitt, er det på tide å kome seg ned igjen. 

Frå Høgrestinden er det bratt frå alle kantar. Vi bestemmer oss for å klyve ned søraust-ryggen, før vi traverserer sida mot skaret, nord for Høgrestinden. Vidare går vi ei bratt og steinete renne ned mot svaberga som endar i Koppvatnet. Her er det vanskeleg å finne ei god rute å gå. Det har vore ein lang tur og alle tre er slitne. Vi er ikkje heilt einige om rutevalet og stemninga blir litt amper. Vi traverserer svaa i øvste del og rundar rundt Koppvatnet i stillheit. 

Frå vatnet er det heldigvis god sti og tydeleg raudmerking ned langs elva. Det har starta å bli skymt, og dei slitne kroppane våre fraktar oss sakte men sikkert ned til bilen på Standalseidet. 

Standalstraversen

VANSKEGRAD: ekstra krevjande
TYPE: fottur/klatretur
SESONG: juni – september
TIDSBRUK: 14 – 20 timar
LENGD: 12 km + veg
KOMMUNE: Ørsta

Turen består av desse toppane
  • Sandhornet (985 moh.)
  • Grøthornet (1086 moh.)
  • Hellefjellet (1239 moh.)
  • Kalvedalsegga (1234 moh.)
  • Nordre Grøtdalstind (1325 moh.)
  • Høgrestinden/Nøvedalstiden (1244 moh.)
Start

Ved skogsveg i Øyadalen ved Kolåsen. Følg sti mot Heidane og Harpedalsvatnet.

Tips

Parker ein bil eller syklar oppe på Standalseidet for enklare retur.

fjell
Scroll to Top