På audiens hos dronninga

Slogen (1564 moh.) blir ofte omtalt som dronninga av Sunnmørsalpane. Og det er ikkje vanskeleg å forstå kvifor. Som ein trekanta pyramide reiser ho seg majestetisk frå Hjørundfjorden, og tiltrekker seg både beundring og undring. Ho har ei enorm dragningskraft, og er eit av dei mest besøkte fjella på Sunnmøre. 

Det er i slutten av juli, og fem venar har nettopp kosa seg med ein god frukost i varm fjelluft. I natt har vi sove på Myrsætra på Urke og er no klar for dagens turmål: Slogen! 

Turgjengen ved det idylliske Isavatnet.

"Det er ikkje mange turgåarar å sjå og vi har råsa for oss sjølv, snakk om luksus!"

Den mest vanlege og kortaste ruta går bratt opp frå Skylstad/Øye. I dag har vi valt å spare knea, og går ei litt lenger men slakkare rute innover den idylliske Langsæterdalen. Vi pakkar saman telta og startar i roleg tempo framover dalen. Slogen stig snart opp som ein pyramide i skogen. Vi går forbi det fine Isavatnet og langs her er det slått opp fleire telt – reine idyllen.

Det er ikkje mange turgåarar å sjå og vi har råsa for oss sjølv, snakk om luksus! Etter vatnet går vi over litt snø, og stien blir litt brattare, før vi kjem opp på ryggen og kan sjå ned til Øye. Her kjem også dei to andre stiane innpå, ein frå Patchellhytta og den andre stien frå Øye.

"Slogen er majestetisk, vill og vakker"

Her startar også folkevandringa. Det blir no tydelig at vi ikkje er dei einaste som har tenkt oss på toppen av dronninga i dag. Her er det brattare, men forma er god, og det går leikande lett oppover. Når vi nærmar oss toppen blir det litt meir luftig og meir klyving. 

På veg opp mot sjølve toppen er der mange fine fotopunkt, og vi tek oss god tid til fotografering og nistepakken. 

Vi når toppen og kan nyte den vakre utsikta. Sjølve toppen er ikkje så stor, så pausen blir ikkje så lang, før vi let andre sleppe til. 

Slogen er majestetisk, vill og vakker.  Eit fjell eg vil anbefale til dei aller fleste, men det er ikkje slik at alle absolutt må opp dit. Har du høgdeskrekk vil eg heller anbefale deg å gå Urkeegga. Den byr på noko av den same utsikta, utan å vere spesielt luftig. Les om Urkeegga her

Slogen

VANSKEGRAD: krevjande
TYPE: fottur
SESONG: juni – september 
TIDSBRUK: 3 – 5 timar opp
HØGDE: 1564 moh.
KOMMUNE: Ørsta

Start

Urke: Køyr bomveg frå Urke inn Langseterdalen og parker i enden av vegen ved inntaket til kraftverket. Følg stien sør for elva vidare innover dalen.

Øye: Parker på tilrettelagt parkeringsplass for Slogen, sjølvbetjent betaling. Følg skilting.

fjell
Scroll to Top