Ørsta

Ørsta – i hjartet av Sunnmørsalpane, er ei kommune med over 10 000 innbyggjarar. Sentrum ligg ved enden av Ørstafjorden omkransa av høge fjell som Saudehornet, Nivane, Kjerringa og Melshornet. Tre km frå sentrum ligg Ørsta-Volda lufthamn Hovden. Litt lenger aust finn du den kjende Hjørundfjorden med dei idylliske småplassane rundt: Sæbø, Trandal, Urke og Standal. 

Ørsta grenser til Sykkylven, Stranda, Volda, Ulstein via Eiksundtunnelen (verdas djupaste tunell), Hareid og Sula. Andre bygder i kommunen er: Hovdebygda, Vartdal, Nordre-Vartdal og Barstadvik.

Frå Ørsta kjem kjende artistar som Sidebrok, Sirkel Sag, Vassendgutane, Rotlaus og Egil Olsen. Ørsta  var også heimtraktene til Ivar Aasen og nynorsken. 

 

Sandhornet. | Foto: Tone Solhaug 

“Det tek ein time å gå ned til Ørsta Rådhus
Ørsta Rådhus, Ørsta Rådhus
En time å gå ned til Ørsta Rådhus, det e longt i frå her
Det tek ein time å gå ned til Ørsta Rådhus
Ørsta Rådhus, Ørsta Rådhus
En time å gå ned til Ørsta Rådhus
Ikkje at ej he noke der å gjer”

– Sirkel Sag

Eventyr frå Ørsta

fjell
Scroll to Top