Vasstøylen er eit lite stykke paradis i enden av Kvistaddalen. Det er i alle tilfelle slik eg hugsar det frå då eg var lita. Det blikkstille vatnet med dei taggete Kvistadkjerringane rundt var reine magien for små barneauge. No i vaksen alder har eg med meg denne nostalgien når eg besøker dalen. 

Ein varm fredagskveld i starten av juni er eg, Synne og Live spennklar for telttur. Eg skal vise dei eit av mine barndomsparadis, nemnleg Vasstøylen. 

For å kome til Vasstøylen må vi køyre mot Sæbø, ta av over brua til Kvistad og vidare forbi garden på Holane. Her vaks far min opp, og då eg var lita var Kvistad som ein heim nummer to for meg. Det er nok difor eg har så sterk dragning mot denne plassen. 

Vi parkerer i enden av Kvistaddalen og får på sekkane. Sjølv om dei er tunge, veit vi at det berre er eit lite stykke vi skal gå før vi kan slå opp telta. 

Play Video

Sjå video her!

"I soveposane sit vi samla kring Yatzy-blokka, og med vin i glasa er stemninga god"

Inn gjennom skogen, over nokre bekkar, og over ei myr. Så har vi kome oss inn til vatnet. Vi får opp telta og lagar oss middag på primus. Sola varmar framleis godt, og skin opp dalen til rundt klokka ti om kvelden. I soveposane sit vi samla kring Yatzy-blokka, og med vin i glasa er stemninga god. 

Neste morgon opnar eg teltduken og ser tinderekka spegle seg i det vakre morgonlyset. Snakk om sjelero! Eg tek med meg frukosten min og tuslar ned til vatnet der Synne og Live sit og nyt sola. 

Ingen har hastverk med å forlate denne idylliske plassen og dagen går med til soling, avslapping og fotografering. Vi blir oppheita av sola og bestemmer oss for å teste ut badetemperaturen i Vasstøylvatnet. Eit lite hyl kjem brusande opp når eg dukkar under i det iskalde vatnet. (Eit vatn som aldri får behageleg badetemperatur, uansett kor varmt det er!) Synne påpeikar at ho aldri har høyrt stemma mi så lys før, medan eg skundar meg inn til land. Badinga må sjølvsagt dokumenterast. Medan eg filmar, må Live uti heile fire gonger før eg seier meg nøgd med filmklippa. 

Vi lufttørkar på land medan vi et lunsj. Kvardagen og forpliktingar innhentar oss til slutt, og med oppladda batteri forlet vi den magiske eventyrstøylen.

Foto: Synne Øye Myrvold

Kveldskos med utsikt! | Foto: Synne Øye Myrvold

Live i solnedgong | Foto: Synne Øye Myrvold

Vasstøylen

VANSKEGRAD: enkel
TYPE: fottur
SESONG: juni – oktober
HØGDE: 629 moh. 
TIDSBRUK: 0,5 – 1 time opp
KOMMUNE: Ørsta

Start

Køyr inn Kvistaddalen (bomveg) og parker i enden av dalen. Følg traktorvegen og hald fram på stien som går rett fram. Ved vatnet er det mange gode teltplassar. 

 

fjell
Scroll to Top