7 teltutsikter i Sunnmørsalpane

Det er få ting som slår kjensla av å opne teltduken om morgonen og skue utover ei fantastisk fjellutsikt. Under kjem ei liste over korte turar i Ørsta og Volda. Ta deg ein telttur og kjenn på magien du også!

Sæbønestua

Det finst knappast finare utsikt enn morgonsol over Hjørundfjord-krysset. Dette får du frå Sæbønestua (564 moh.). Turen opp er bratt, men den tunge sekken er fort gløymt når du kjem opp og finn den perfekte teltplassen. Toppen er stor, og har plass til mange telt. Tilkomst: Køyr opp i byggefeltet på Sæbøneset ved Sæbø, Ørsta kommune. Stien er skilta og godt merkt.

Molladalen

Ein majestetisk fjelldal i Ørsta kommune, som er som skapt for klatrarar, fjellentusiastar og camperar. Midt i dalen ligg Storevatnet som er perfekt for ein morgondukkert eller til å prøve fiskelykka. Dalen (774 moh.) er innhylla i bratte og taggete fjellformasjonar, noko som gjer utsikta frå teltduken upåklageleg. Tilkomst: Det er fleire ruter opp i Molladalen. Dei vanlegaste rutene er anten frå Barstadvik, eller frå Romedalen, begge i Ørsta kommune.

Helgehornet

Helgehornet (623 moh.) er nok eit av dei mest besøkte fjella i Volda kommune. Turen er ikkje lang og passar perfekt for ein trimtur etter jobb og skule. Sjølv om toppen er mykje besøkt, er det fullt mogleg å finne seg ein skjerma teltplass, for toppen er stor. Tilkomst: Køyr til skytebana i Sollidalen i Volda kommune. Her er det godt merkt sti til toppen. 

Lidaveten

Lidaveten (592 moh.) ligg på Berkneshalvøya mellom Voldsfjorden og Ørstafjorden. Etter ein kort, men bratt tur får du storslått utsikt over Ørsta og den hjarteforma Ørstafjorden. Frå Lidaveten kan du få med deg magiske soloppgangar og solnedgangar. Tilkomst: Køyr til Eidheim i Volda kommune. Følg Eidheimvegen og parker på ein oppgrusa parkeringsplass. Stien er godt merka. 

Romedalen

Romedalen er ein åtte kilometer lang fjelldal i Ørsta. Dalen er omkransa av høge, alpine fjell og den flotte Romedalselva snirklar seg innover dalen. Dette er ein perfekt plass for dei som skal sove si første natt i telt, for barnefamiliar eller for dei som elskar “glamping.” Her kan du nemleg kjøre heilt inn til teltplassen. Tilkomst: Køyr til Follestaddalen og ta til på bomvegen opp mot Romedalen.

Vasstøylen i Ørsta kommune. | Foto: Synne Øye Myrvold

Vasstøylen

Etter ein kort og slak tur på godt merkt rås kjem du til den idylliske Vasstøylen. Her er det perfekt å sette opp telt for natta. Dalen er solrik og midt på sommaren har ein sola til klokka ti om kvelden. Ved Vasstøylvatnet kan du fiske krede eller ta ein dukkert i det krystallklare (men iskalde) vatnet. Tilkomst: Køyr til enden av Kvistaddalen. Følg merkinga innover i dalen til Vasstøylen. 

Skorgedalen i Ørsta kommune. | Foto: Synne Øye Myrvold

Skorgedalen

Skorgedalen er ein perfekt overgangstur frå Vartdal til Skorgeura i Ørsta kommune. Terrenget er slakt, og her er det uendeleg med perfekte teltplassar langs den vakre Skorgeelva. Tilkomst: Frå Vartdal køyrer du framover Årsetdalen til du kjem til ein bomveg på høgre side av dalen. Råsa starter i enden av fjellvegen.

Om du startar frå Skorgeura parkerer du på oppsida av Vik Ørsta, ved Skorgebrua.  Ei rås går bratt oppover til venstre for parkeringsplassen. Herifrå kjem du inn på ein traktorveg, som du følgjer oppover til du kjem til starten av råsa.

Pakkeliste for korte teltturar

  • Sekk
  • Telt (hengekøy)
  • Sovepose
  • Liggeunderlag
  • Primus
  • Flaske/kopp
  • Varme kle (ta heller med for mykje enn for lite)
  • Mat og drikke
  • Toalettsaker (dopapir, antibac)
  • Lykt
  • Solbriller
  • Solkrem/myggspray
  • Kamera
  • Ekstra batteri/powerbank
  • Bonus: Spel, høgtalar og diskokule, lesestoff
fjell
Scroll to Top