Nyforelska i tindane

5. februar 2020

Sola viste seg sjeldan på fridagane denne vinteren, men titta gjerne fram då alle var på jobb. Så lykka er stor når det endeleg klaffar med både snøforhold og sol ein laurdagsmorgon tidleg i februar. På veg i bilen mot dagens turmål Nordre Sætretind, bankar hjartet litt ekstra. Endeleg skal vi få skia på beina igjen.  

Som regel brukar vi å parkere ved kraftverket, og gå opp Fladalen. I dag har eg, sambuar Stig og studieveninne Live lyst til å kjenne solstrålane varme i ansiktet, og peikar skia mot Kvanndalen, som er meir solrik. 

Det er noko magisk over å høyre snøen knitre under skia og sjå toppane bade i mjukt lys. Det kryr med fine fotomotiv og eg og Live stoppar ofte opp for å ta bilde. Stig må fint smørje seg med tolmod og labbar roleg vidare i førevegen.

Play Video

"Sidan det er ei renne med godt over 30 graders helling, stoppar Stig opp og grev snøprofil"

Vi går innover Kvanndalen og studerer breen under Kolåstinden. Den er full av sprekker og steinar, ikkje så mykje som freista til besøk. Vi er glade for at vårt turmål ligg bada i solskin på den andre sida av dalen. 

Eg dreg skistaven over snøen som glitrar i sola, og påpeikar at det vil bli ein draum å renne ned igjen seinare i pudder. 

Vi kjem opp til Appelsinhaugen, ein naturleg rasteplass for å smake på nista. Vi studerer renna vi skal gå. Sidan det hittil i sesongen ikkje har blitt mange skiturar og trening for låra, tenker eg med meg sjølv at dette kan bli ei utfordring. 

Stig går i forvegen, medan eg og Live tek ein pause, et ei skive med nugatti og tek bilde. Sidan det er ei renne med godt over 30 graders helling, stoppar Stig opp og grev snøprofil. Terrenget er trygt, for Stig går vidare opp sida med skia på sekken. Vi følgjer som avtalt etter. 

Live har kome opp innsterenna og er fornøgd med utsikta.

"Den bratte renna, som for nokre minutt sidan var eit blodslit, er plutseleg gløymt og eg kjenner på ei enorm lykkekjensle. Alle bekymringar, kvardagsproblem og smerter er som blåst vekk"

 Her bør åss vel hå litte avstand millum einan, påpeikar Live med brei lomsdialekt. 

– Den e grei, svarar eg, og tek meg ein fotopause medan Live målretta går vidare oppover. 

Vi bevegar oss sakte opp renna. 

– Kvart steg æ som å tå eittbeins knebøy, kjem det frå Live. 

Eg kan ikkje vere meir samd. Med sekken full av kamerautstyr, stegjern, kle, mat og ski, er dette tungt. Eg tel kvart eit steg. Ser kor langt eg kan telje før eg må ta ein pause igjen. Snart oppe. 

Eg kan pusta letta ut, tek meg litt inn igjen og ser meg rundt. 

– Wow! For ei utsikt, vi kan sjå Hjørundfjorden! 

Den bratte renna, som for nokre minutt sidan var eit blodslit, er plutseleg gløymt og eg kjenner på ei enorm lykkekjensle. Alle bekymringar, kvardagsproblem og smerter er som blåst vekk. 

– Ej e so forelska! Utbryt eg, og vil ikkje gå glipp av ein minste detalj. 

Men sola står allereie lågt på himmelen, og vi må få opp farten. 

Vi tek til høgre og går mot Nordre Sætretind. Renn litt ned igjen til der ruta opp vanlegvis går. Her ser det forblåst ut, og ikkje mykje som freistar til oppstiging. Vi går rundt til sørsida av toppen. Her ser vi mange skigåarar på veg ned, men det er ingen spor opp til toppen. Vi set att skia, og byrjar å trakke oss oppover. Her er det mykje snø, og trakkar eg igjennom får eg snø opp til låra. Denne bakken er så tung at eg ikkje orkar å telje skritta eingong. Fullt fokus på å kome meg opp til Stig, som står lenger oppe og ventar. 

 

"Adrenalinet som pumpa kroppen min oppover mot toppen renn ut, og eg kjenner brått kor kald eg er"

Her kjem stegjerna på og vi held fram opp mot toppen. Det blæs kraftig og det må vere 15 minusgrader, minst. Vippene har fått isklumpar på seg, og det er kaldt å fikle med kameraet for å få dei rette innstillingane. Men adrenalinet pumpar i kroppen, og dei perfekte fotomotiva blir prioritert framfor dei iskalde fingrane. 

Vi går bratt oppover, med stegjern og isøks. Stoppar opp og bankar litt på snøen. Vegen vidare mot toppen ser litt tvilsam ut. Eg har fått fylt opp kameraet med mange minne, er gira på litt køyrelys ned igjen, så eg stemmer for å snu. Vi er 10 meter frå toppen, men vi har vore der før, så det er ikkje eit stort nederlag å ikkje kome på sjølve toppen. 

Vi startar på nedturen. Adrenalinet som pumpa kroppen min oppover mot toppen renn ut, og eg kjenner brått kor kald eg er. Det er som at hjerna har fryst fast og alt blir tyngre. Det er vanskeleg å få av stegjerna, stille om skina og å feste hjelmen. Då er det godt med ei hjelpande hand. 

Varmen kjem sigande når den tjukke dunjakka har kome på. Vi skal renne ned Fladalen, og  draumeføret som vi kjente på i Kvanndalen finst ikkje her. Det er gjennomslagsføre og det brenn i låra for kvar ein sving.

Vi kjem ned til kraftverket før det blir mørkt. Set oss i bilen og vender nasen over Standalseidet. Eg ser over bilda på kameraet, og smiler. Dette var ein av turane, tenker eg. Ein tur der eg måtte hente krefter frå kjellaren, kjenne på adrenalinet, bli slått ut av kulden, og forelske meg på nytt, i dei fine tindane mine.  

 

Nordre Sætretind

VANSKERAD: krevjande
TYPE: skitur
SESONG: vinter
TIDSBRUK:  3 – 5 timar opp
HØGDE: 1365 moh.
KOMMUNE: Ørsta

Start
  • Fladalen: Start ved den store parkeringsplassen ved kraftverket til Tussa, og gå vegen opp over skogen. 
  • Kvanndalen/Insterenna: Lik start som til Kolåstinden, og inn Kvanndalen. Frå Appelsinhaugen går ruta opp Insterenna mot nord. Følg ryggen søraust mot toppen. 
fjell
Scroll to Top