5 Instagram-
vennlege kortturar rundt Hjørundfjorden

5 Instagramvennlege kortturar rundt Hjørundfjorden

Hjørundfjorden må vere den mest fotogene og Instagramvennlege fjorden i Noreg – ja eller i verda. Same kva retning du vender deg, finn du førsteklasses fotomotiv. Dei aller finaste motiva synest eg du finn på toppen av tindane. Men der er likevel fleire lett tilgjengelege fotospots dersom du ikkje ønskjer å kjempe deg opp på dei kvassaste toppane. 

Under er ei liste på nokre av dei mest tilgjengelege fotopunkta rundt fjorden. Har du andre favorittar? Kommenter gjerne under innlegget.

Trandal | Foto: Synne Øye Myrvold

1. Trandal

Reia (huska) på Trandal er eit av dei mest fotograferte motiva i Hjørundfjorden og ganske så obligatorisk dersom du besøker denne sjarmerande og veglause bygda.

Sæbønestua i Ørsta kommune.

2. Sæbønestua

På veg opp mot Sæbønestua (636 moh.) heng ei strategisk plassert hengekøye. Her kan du ha beina høgt medan nokon tek eit perfekt bilde av deg som chillar og ser på Hjørundfjorden. 

Gunnarråsa på Sæbø i Ørsta kommune.

3. Gunnarråsa

Denne råsa er ein populær trimtur året rundt. Her kan du nyte nistepakka di på 370 moh., eller teste ut reia (huska) som heng her. Ønskjer du å gå lenger, er Gunnarråsa eit fint utgangspunkt til Dalegubben, Lynghalstinden og Holmshornet.   

Hustadnestua i Ørsta kommune.

4. Hustadnestua

Ei lita tue på 499 moh. med ei enorm utsikt. Her er verken reie eller hengekøy, men Hustadnestua er svært fotogen og du når toppen på under timen.  

Bentebu på Urke i Ørsta kommune.

5. Gapahuken "Bentebu"

Saksa har blitt eit svært populært turmål i Sunnmørsalpane. Dersom du ikkje ønskjer å gå heile vegen, men likevel ønskjer utsikta, kan eit besøk til Bentebu (365 moh.) vere eit alternativ. Gapahuken har sitteplassar under tak og superfin utsikt mot Nordangsfjorden og fjella rundt. 

fjell
Scroll to Top