10 toppar du “berre må” besøke i vinter!

8. februar 2020

Få ting er så magisk som å stå på toppen av eit fjell og skue utover endelause kvite tindar som badar seg i solskin. Her er ei liste over nokre utvalde vinterfjell i Ørsta kommune.

Tips: Dei fleste rutene er godt beskrivne i boka “Toppturar i Sunnmørsalpane”.

Kolåstinden (1432 moh.)

Kongen av Sunnmørsalpane. Kolåstinden er eit av dei mest populære turmåla på ski om våren. Siste del vel dei fleste å setje att skia, og “klyvre” seg til topps. Toppen ligg mellom Romedalen og Standaleidet. Vanskegrad: krevjande.

Skårasalen (1542 moh.)

Skårasalen er mykje besøkt om våren, og er ein relativt enkel tur frå Kvistaddalen. Mange vel å renne på ski frå “tind til tare”, ned til den veglause bygda Skår. Vanskegrad: middels.

Nordre Sætretind (1365 moh.)

Nordre Sætretind er ein av dei vakre tindane du kan nå frå Standaleidet. Toppen er ein del av fjellmassivet Sætretindane, og er nabotopp til Søre Sætretind, som er ein meir krevjande klatretur. Vanskegrad: krevjande.

Litletinden (1239 moh.)

Litletinden, også kalla Solskinnshatten er eit kindereggfjell. Her kan du legge eit behageleg spor opp, klyvre til toppen og få ei magisk nedkøyring til Kvanndalsvatnet. Turen startar i Bjørdalen. Vanskegrad: krevjande.

Grøtdalstindane (1331 moh.)

Grøtdalstindane består av Nordre, Midtre og Søre Grøtdalstind. På veg opp må du gjennom sjølvaste Himmelporten, og turen byr på utanomjordisk utsikt mot Hjørundfjordkrysset og fjella rundt. Turen startar frå Bondalen. Vanskegrad: krevjande.

Blæja (1420 moh.)

Frå Fivelstadshaugen i Norangsdalen kan du nå Blæja og Lissjenibba. Ein perfekt påsketur i slakt og fint terreng, med flott utsikt til Hjørundfjorden. Vanskegrad: middels.

Randers Topp (1414 moh.)

Randers Topp er ein del av den spektakulære tinderekka i Molladalen, og byr på flott nedkøyring til Yste-Årneset. Toppen kombinerast gjerne med ein tur på Bladet. Vanskegrad: krevjande.

Svinetinden (1125 moh.)

Frå Ytre Standal kan du nå denne vakre tinden. Turen er variert og gir ei panoramautsikt over dei kvasse Molladalstindane. Sjølve toppen er liten og det er vanleg å setje igjen skia før ein klyvrar seg til toppen. Vanskegrad: krevjande.

Fingeren (1180 moh.)

Skitur til Fingeren er den kortaste turen på denne lista, men klart ein av favorittane om vinteren. Sporet går gjennom dei kvasse tindeformasjonane på Standaleidet og byr på flott utsikt. Dei fleste stoppar ved skaret til Fingeren. Vanskegrad: middels.

Slogen (1564 moh.)

Dronninga av Sunnmørsalpane er kanskje det mest kjende fjellet i Sunnmørsalpane. Fjellet byr på bratt oppstiging, førsteklasses utsikt over Hjørundfjorden og ei rå nedkøyring. Fin tur frå Pachellhytta. Vanskegrad: krevjande. 

fjell
Scroll to Top