Fjordane på Sunnmøre har tiltrekt seg turistar frå tidleg på 1800-talet og er på UNESCO si verdsarvliste. Og det er ikkje så rart, for vakrare fjordar skal du leite lenge etter!
Med kajakk kjem du nært på elementa og får eit unikt perspektiv på sunnmørsnaturen. Her er også mange idylliske vatn som passar perfekt for ein kajakktur. Her kan du glide stille gjennom vatnet medan fisken hoppar opp for å helse på. Dei beste opplevingane får du dersom du vel tur etter erfaring og forhold. Ein treng nødvendigvis ikkje å padle så langt for å få store kajakk-augeblikk.
Sjølv om Geirangerfjorden er den mest kjende fjorden på Sunnmøre, er det Hjørundfjorden som ligg mitt hjarte nærast. Dette er nok på grunn av det spesielle fjordkrysset, den vakre blåfargen og dei kvasse og majestetiske fjella rundt. På ein roleg dag når fjorden er blikkstille, kan du få mange magiske og meditative augeblikk på fjorden. Det kan vere litt meir krevjande å padle dess lenger ut du kjem, så er du nybyrjar er det fint å halde seg nært Sæbø.
Inst inne i Hjørundfjorden, også kalla Storfjorden, ligg dei idylliske bygdene Bjørke og Leira. Begge plassane har enkle moglegheiter å sjøsette kajakken frå, perfekt for nybyrjarar.
I enden av Bjørdalen, i Ørsta kommune ligg det vesle og idylliske Litledalsvatnet, også kalla Bjørdalsvatnet. Her kan du nyte ei roleg stund på vatnet. Dei imponerande kvasse tindane rundt og gir flotte fotomotiv. Du kan parkere ved enden av vatnet, og det er enkelt å “sjøsette” kajakken.
I Austefjorden, i Volda kommune finn vi tre vatn glitrande på rekke og rad: Storevatnet, Bulingen og Eidsvatnet. Med smale passasjar innimellom eventyrlege tre som heng over vatnet, kan ein nå alle tre vatna. Her er eit rikt fugleliv og mange fine fjell å sjå på. Sjølv om vatna ligg langs E39, er ikkje dette forstyrrande for sjeleroa. Ved Storevatnet er der parkeringsplass heilt nede ved vatnet, og enkelt å kome til med kajakk.
Ein av dei mest kjende fjordane i Noreg ligg på Sunnmøre, i Stranda kommune. I kajakk kan du oppleve Geirangerfjorden på ein unik måte. Frå fjorden kan du sjå fossen “De syv søstre”, eller kombinere det med ein gåtur opp til Skageflå eller Knivsflå. Er du heilt fersk i kajakk-gamet kan du låne kajakk i Geiranger og padle deg ein tur på fjorden.