13 toppar det er verd
å besøke i sommar!

Sunnmørsalpane strekker seg frå tare til tind opp mot 1717 moh. Fjella er alpine med pinaklar og tindar, bratte skrentar og stup. Området er stort og det er mange fjell å velje mellom. Her kjem ei liste over fjella du “berre må“ få med deg i Ørsta kommune! 

Tips: Dei fleste rutene er godt beskrivne i boka Fotturar på Sunnmøre.

Saksa

Saksa (1073 moh.)

Fjellet Saksa ligg ved Leknes og har blitt ein svært populær tur i Sunnmørsalpane. Etter eit kort og bratt parti opp igjennom skogen, opnar det seg og ein kan nyte den flotte utsikta til fjella rundt resten av turen. Ønskjer ein å gå ein lenger tur, er Saksa første stopp på “Hjørundfjordegga”. Vanskegrad: middels.

Nyfiken på Hjørundfjordegga? Trykk på “les meir”. 

Urkeegga

Urkeegga (1021 moh.)

Ein flott rundtur på Urke. Ruta er på 10,5 km og stien er godt merkt. Ein perfekt tur for deg som elskar førsteklasses utsikt over fjord og fjell, utan at det blir for luftig. Turen går over Maudekollen (1021 moh.) og Klokksegga (944 moh.) Vanskegrad: middels.

Kjerringa

Kjerringa (1130 moh.)

Kjerringa tronar stolt mellom Langedalen og Romedalen. Ein fin klyvetopp med flott utsikt over Ørsta sentrum. Kjerringa er ein del av “Romedalstraversen”. Vanskegrad: middels.

Trykk på “les meir” for meir informasjon om “Romedalstraversen”. 

Trandalhatten

Trandalhatten (1140 moh.)

Tek du ferja over til den veglause bygda Trandal, får du raskt auge på det karakteristiske fjellet Trandalhatten. Fjellet er forma som ein flosshatt og byr på ein flott tur i spektakulær natur. Ein kan også følgje ryggen vidare til Tungremtindane. Vanskegrad: middels.

Trykk på “les meir” for meir informasjon. 

Slogen

Slogen (1564 moh.)

Dronninga av Sunnmørsalpane er kanskje det mest kjende fjellet i Sunnmørsalpane. Fjellet byr på bratt oppstiging, luftig klyving og ei fantastisk utsikt over Hjørundfjorden. Toppen tronar stolt over Øye. Vanskegrad: krevjande.

Dalegubben

Dalegubben (1344 moh.)

Eit flott fjell med vakker utsikt over Hjørundfjorden. Ein tung tur med litt klyving til toppvarden. Toppen ligg mellom Bondalen og Standaldalen, og er lettast å nå frå Sæbø.  Vanskegrad: krevjande.

Råna

Råna (1586 moh.)

Råna er eit grensefjell mellom Ørsta- og Sykkylven kommune. Fjellnamnet kjem ikkje frå alle rånarane i Ørsta, men har fått namnet sitt fordi det liknar på eit råsegl. Kan nåast frå Haukåssetra ved Urke. Vanskegrad: krevjande.

Jakta

Jakta (1588 moh.)

Jakta er eit imponerande fjell i Ørsta kommune. Ein tung tur, men utsikta over Hjørundfjorden og fjella rundt er upåklageleg. Den vanlegaste ruta startar frå Øye. Vanskegrad: krevjande.

Saudehornet

Saudehornet (1303 moh.)

Saudehornet er nok det fjellet alle ørstingar kan peike ut, same om det er ein rånar eller fjellentusiast du spør. Kvart år blir løpet “Saudehornet rett opp” arrangert. Løpet startar frå hamna i Ørsta, og dei aller raskaste spring til topps på under timen. Vanskegrad: krevjande.

Liadalsnipa

Liadalsnipa (924 moh.)

Nipå er eit karakteristisk fjell ved bygda Liadal. Turen byr på luftig og bratt klyvring, opp til ei flott utsikt over Rovdefjorden og øyane i ytre. Er du fjellvand kan du vurdere å gå ein rundtur over austegga. Mange vel å bruke tau her. Vanskegrad: krevjande (Austegga – ekstra krevjande).

Bladet i Molladalen

Bladet (1300 moh.)

Pinakkelen Bladet i Molladalen er den mest ikoniske tindenåla i Sunnmørsalpane. Her treng ein klatreutstyr for å kunne balansere på toppen av den sylskarpe pinakkelen. Frå Barstadvik tek det om lag 3 timar i roleg tempo for å nå innsteget til Bladet. Frå Molladalen går ein bratt opp Mohns-renna. Her er det mykje laus stein, så her kan det vere lurt å gå med hjelm. Vanskegrad: ekstra krevjande. 

Mohns Topp

Mohns Topp (1340 moh.)

Naboen til Bladet er Mohns Topp, som kan by på ei imponerande utsikt over Hjørundfjorden. I starten av egga bort til toppen må du over eit luftig parti, så her må du ha høgdeskrekken i sjakk. Vanskegrad: krevjande.

Lynghalstinden

Lynghalstinden (1100 moh.)

Lynghalstinden byr på ein av dei luftigaste fjellryggane i Sunnmørsalpane. Fjellet kan også diske opp med den råaste utsikta over Hjørundfjorden, noko som gjer tinden til min favoritt. Kan nåast frå Sæbø. Vanskegrad: krevjande.

Staar du ved havet,
ude i leden hvor damperen stønner
ilsom paa færdselens veie forbi,
der, hvor af storme, som hylende drønner,
bølgen har lavet
lunefuldt legende sin melodi, – 
ser du mot øst over aasernes rand
alfelet stige
op for dit øie et underfuldt vinkende
skjønhedens rige.
Det er de kneisende svimlende, blinkende
tinder i Søndmøres alpeland.

– Kristofer Randers (1890)

fjell
Scroll to Top