Tindesanking på Trandal

Fjella speglar seg i den blanke fjorden. Stille bryt Fjord1-ferja seg over fjorden og vender snuten mot Trandal. Det er tidleg om morgonen og eg, Stig og Trygve speidar mot dagens mål, Trandalhatten.

Med sin karakteristiske formasjon, er dette ein topp vi har drøymt om å få kryssa av på bucket-lista. Det er helg og bilen er full-lest med teltutstyr og mat. Vi køyrer opp i Trandaldalen og parkerer ved ruta som startar opp gjennom skogen til Trandalhatten. Stien er godt merkt opp til sjølve toppen. Utsikta er sjølvsagt upåklageleg, og vi har ei lang fotopause på toppen.

Ferja på veg til Trandal.

" Vi er “topp-sankarar” og ønskjer å få kryssa av flest mogleg toppar denne dagen"

Toppen blir på kartet kalla “Saudehornet”, men som ekte ørsting, finnast det i mine auge berre eit fjell med dette namnet. Trandalhatten er uansett mykje meir karakterbyggande, sidan toppen frå fjorden ser ut som ein floss-hatt.

Det er meldt sol og varmt heile dagen, og vi fortsett på resten av turplanane våre. Vi er “topp-sankarar” og ønskjer å få kryssa av flest mogleg toppar denne dagen.

Høgdemetrane er gjort og stien vidare byr på ei luftig men fast og fin egg. Langs egga er det mange rare og gøyale fjellformasjonar. Eg veit ikkje kva det er, men eg og Stig klarer ikkje å motstå freistinga til å klyve opp på dei. Vi fortset langs egga og kjem oss opp til første topp av Tungremtindane og ser ned til Sykkylven.

"På primus lagar vi oss pitapizza og tek ein velfortjent skål. Sola har gått ned, og roa senkar seg på Trandal"

Vidare går egga bort til den andre toppen av Tungremtindane. Her er det svært luftig og mykje laus stein, så her må vi trå varsomt. Eg og Stig karrar oss opp på toppen og får løn for strevet. Fantastisk utsikt over Hjørundfjorden!

Vi hadde eit lite mål om å rekke Seljeneshornet og Nesstaven også, men det byrjar å bli seint så dette får bli på ein annan tur. Vi skråar oss ned i Nesdalen mot Trandalhatten igjen, kjem over skaret og inn på same sti vi følgde opp gjennom skogen.

Vi køyrer oss lenger opp i dalen, finn to flate teltpassar, og slår leir. På primus lagar vi oss pitapizza og tek ein velfortjent skål. Sola har gått ned, og roa senkar seg på Trandal.

Trandalhatten til Tungremtindane

VANSKEGRAD: krevjande
TYPE: fottur
SESONG: juni – september
TIDSBRUK: 8 – 12 timar
KOMMUNE: Ørsta

Turen består av desse toppane
  • Trandalhatten/Saudehornet (1188 moh.)
  • Trandalhatten/Saudehornet, nr. 1 og nr. 2 (1220 moh.)
  • Søraust for Tungremtindane (1276 moh.)
  • Tungremtindane sør (1275 moh.)
Start

Stien opp til Trandalhatten startar ved sving nummer to på setrevegen til Trandaldalen. 

Tips
  • Planlegg turen godt, for ferja går berree tre gongar per dag.  Alternativt kan ein nytte skyssbåten.
  • Det er nærast obligatiorisk å avlegge Cristian Gaard eit besøk etter turen. Her kan du nyte god mat og drikke.
fjell
Scroll to Top