Sunnmørsalpane er som ei gullkiste fylt opp av vakre, ville og alpine fjelltoppar som lokkar deg til fjells så raskt høvet byr seg. Men det er ein juvel som i mine auge glitrar litt sterkare enn dei andre toppane: nemleg den kvasse og luftige Lynghalstinden.
Kvifor spør du?
Lynghalstinden (1100 moh.) byr på ein av dei luftigaste fjellryggane i Sunnmørsalpane. Fjellet kan også diske opp med den råaste utsikta over Hjørundfjorden, noko som gjer tinden til min favoritt.
Lynghalstiden er ein av toppane som blir raskast snøfri om våren, og er du sugen på å starte fottur-sesongen, er tinden ofte gåande i midten av mai.
Følg ruta opp til Sæbønestua (564 moh.). Denne tua har også svært fin utsikt, så det er verdt ein stopp her, før du vidare følgjer stien mot Lynghalstinden. Råsa går opp ei bratt fjellside før du kjem til Grønskredhammaren (848 moh.), som også har eigen varde og toppbok.
Frå Grønskredhammaren er det bratt før du kjem til ein fortopp med ny varde. Dersom du ikkje likar luftige egger, kan dette vere ein fin stad å vente på resten av turfølgjet. Vidare er det klyring til toppen. Egga er svært luftig, og her bør du tenke deg godt om og ikkje trakke feil. Mange vel å sikre siste delen opp mot toppen, og her bør du ha ein del klyveerfaring på baken eller gå der med kjentfolk/guide.
Før ein kjem til toppegga er det eit crux, det vanskelegaste (eventuelt det kjekkaste) punktet på turen. Mange vel å “ake” seg over dette partiet, med ein fot på kvar side av egga. Sjølve egga bort til varden er utsett og luftig men relativt enkel å gå.
Når du har nådd varden og toppen av Lynghalstinden er det berre å glede seg over meistringskjensla og nyte utsikta.
VANSKEGRAD: krevjande
TYPE: fottur
SESONG: mai – september
TIDSBRUK: 3 timar opp
HØGDE: 1100 moh.
KOMMUNE: Ørsta