Lågterskel + postkortutsikt = sant

19. mai 2020

Hustadnestua er ein av desse mindre kjente turane i Sunnmørsalpane. Ikkje at eg forstår kvifor – denne turen byr nemleg på lett-tente høgdemeter og mektig utsikt mot Slogen og Hjørundfjorden. 

Eg elskar den vakre tida i mai, når alt spirar og gror, sola varmar og fuglane kvitrar muntert inn i mellom dei grøne blada i trea. Vi har nettopp feira Noregs nasjonaldag med alt dette fører med seg av hurrarop i toget, jubel og is. No har stemma mi forsvunne, eg eg burde sikkert ta det litt piano heime. Men, det er sol og varmt og lysta på tur blir for stor. 

Play Video

Sjå video her!

"Eit koseleg gardstun med raud låve og traktor, frodige marker med lilla blomster og epletre med store kvite blomster. Snakk om bonderomantikk!"

Hustadnestua er ein av dei turane eg veit om som har vakrast utsikt for minst mogleg slit. Så denne dagen køyrer eg, Stig, Trygve og Silja mot Sæbø på jakt etter ein lågterskeltur. 

Turen startar gjennom gardstunet på Hustadneset. Sjå etter merkinga på den kvite garasjen og følg stien oppover. Her går du forbi eit koseleg gardstun med raud låve og traktor, frodige marker med lilla blomster og epletre med store kvite blomster. Snakk om bonderomantikk! 

Turen snirklar seg roleg opp gjennom skogen og er godt merkt.  Sjølve toppen stikk så vidt over skoggrensa. Her kan du skrive deg i toppbok, eller berre nyte den vakre postkortutsikta. Her har du ypparleg utsikt over Saksa, Slogen og Stålberghornet. 

"Hustadnestua er eit fint lågterskelfjell, og ein flott tur for dei aller fleste"

Trygve understreke litt på spøk at det er godt å få kryssa av ei ny “tue”. Og det er eit godt poeng, for det er mange fine lavterskel-tuer strødd kring tindane på Sunnmøre. 

Den næraste, Sæbønestua, ligg på den andre sida av Sæbø og er nok meir besøkt, men krev litt meir krefter i beina. Hustadnestua er eit fint lågterskelfjell, og ein flott tur for dei aller fleste.

Hustadnestua

VANSKEGRAD: enkel
TYPE: fottur
SESONG: mai – oktober
TIDSBRUK: 1 – 2 timar opp
HØGDE: 495 moh.
KOMMUNE: Ørsta

Start

Køyr til Hustadneset på Sæbø, heilt til du kjem til ein stor parkeringsplass. Her er det skilta vidare til Hustadnestua. Råsa går gjennom eit gardstun før den fortsett vidare på ein traktorveg. Vis omsyn. Råsa er godt merkt til topps. 

fjell
Scroll to Top