Volda

Naturskjønne Volda er kunnskapsbygda på Sunnmøre. Kvar haust blir det liv å røre i bygda, når i overkant av 3000 studentar er klare for studiestart ved Høgskulen i Volda. På grunn av det aktive studentmijøet er det mykje som skjer i bygda med festivalar og arrangement. Kjende artistar som Aurora, Turboneger, Xzibit og Unge Ferrari har hatt konsert på Studenthuset Rokken. I tillegg til høgskulen har Volda også sjukehus og høgteknologisk industri.

Volda består av kommunene Volda og Hornindal. Kommunesenteret ligg ved Voldsfjorden, med sidearmane Dalsfjorden, Austefjorden og Kilsfjorden.
Andre bygder i Volda er: Grodås, Folkestad, Fyrde, Lid, Velsvik, Lauvstad, Innselset, Åmelfot, Steinsvik, Dalsbygd, Hjartåbygda, Kalvatn, Høydal, Bjørneset, Straumshamn, Kile, Bjørkedalen og Bjørke.

Kommunen grensar til: Ørsta, Eid, Vanylven, Ulstein og Herøy via. Eiksundtunellen
(verdens djupaste tunell).

Det ikoniske Rotsethornet er eit kjennemerke i Volda-sentrum.

Dalsfjorden. | Foto: Tone Solhaug

fjell
Scroll to Top