Bucket list:
Klatre Bladet - check!

Bladet, ja du veit? Pinakkelen som sikkert på linje med Slogen er eit av dei mest kjente turmåla i Sunnmørsalpane. Pinakkelen som har blitt “kjendis” gjennom ulike TV-program og er mykje avbilda under  taggen #bladet på Instagram. I dag skal endeleg draumen til Malin, Julianne og Karoline gå i oppfylling: draumen om å klatre Bladet!

Å få klatre Bladet har ofte kome opp i samtalar på fest eller på andre turar. Så, litt spontant, på denne varme dagen i august har på merkeleg vis alle fått anten barnepass eller fri frå jobb. Eg og sambuar Stig har vore på Bladet fleire gongar, og i dag skal vi ta med jentene på Bucket List-jakt.

Vi startar på turen i Barstadvik, i Ørsta og snirklar oss opp igjennom skogen. Vi har heile dagen på oss, og tek oss god tid. Ingen av dei andre jentene har vore i Molladalen før, og lykka er stor når dei får sjå Storevatnet og den taggete fjellrekka. Etter ein liten kvild ved vatnet tek vi fatt på siste etappe. Opp Mohns-renna kjem hjelmane på, for å sikre oss mot eventuelle steinsprang. 

Play Video

Sjå video her!

"Opp skaret og pang! førsteklasses utsikt over Hjørundfjorden og Bladet"

Vi klyv oss oppover, og svetta dryp, medan saudene tuslar uberørte rundt oss. 

– No e me snart oppe, lovar eg, og veit at me snart vil få løn for strevet. Opp skaret og pang! førsteklasses utsikt over Hjørundfjorden og Bladet. Her startar det første (av mange) jubelrop på turen. 

– Tenk, no e me her! Steik kor heldige me e, utbryt Malin. 

Men no kjem også nervane. Ingen av jentene har hatt noko særlig klatreerfaring og alle har ein smule høgdeskrekk. Med fleire skrekkhistorier om folk som ikkje har nådd toppen, gjer angsten seg gjeldande. 

– Ej vil klatre først, ropar dei i kor. 

Det blir ein runde med stein, saks, papir. Vinnaren blir kåra, og Malin gjer seg klar.

"Tone, e du klar?!
No he ej opp hendene!"

Eg blir “jaga” av stad for å finne den perfekte fotospotten. Frå ei berghylle eit stykke unna, ser eg berre nokre prikkar i det fjerne som gjer seg klar. Men, det er ikkje vanskeleg å forstå korleis stemning er, for høyre dei gjer eg. 

– Å fyy faaen, no grur ej mej!
– Shit, det er høgt! 
– Kar skal ej plassere føtene mine? 
– Hjelp!  

Heiagjengen er på plass, og positive tilrop kjem frå bakken. 

– Steik du e rå!  
– Kom igjen! Ditta klare du!  

Malin nærmar seg toppen. Frå pinakkelen kjem det ropande 

– Tone, e du klar?! No he ej opp hendene!  

Ein etter ein når alle toppen, og alle får det obligatoriske “toppbildet” frå Bladet. Dette var ein slik dag der alt klaffa. Vêiret, folka, fjellet. 

Med eit stort glis om munnen køyrer vi heim igjen, og vi er alle einige om ein ting 
– Det blir ikkje stort betre enn ditte!

Bladet

VANSKEGRAD: ekstra krevjande
TYPE: fottur/klatretur
SESONG: mai – oktober
TIDSBRUK: 3 – 4 timar opp
HØGDE: 1290 moh.
KOMMUNE: Ørsta

Bladet ligg i Molladalen, ein majestetisk fjelldal i Ørsta kommune på Sunnmøre. Midt i dalen ligg Storvatnet på 774 moh. Dalen er innhylla i bratte og taggete fjellformasjonar, og er eit eldorado for klatreentusiastar. Molladalstindane har pinaklar i fleng, så her er det berre å velje frå øvste hylle. 

Start
  • Barstadvik: Frå Erdal følg du bomveg og parkerar ved Melbøsætra. Godt skilta og tydelig sti vidare til Molladalen.
  • Romedalen: Frå Kolåsen i Follestaddalen følg bomveg innover Romedalen og parker ved Steinstøylen heilt i enden av vegen. Gå gjennom setra og ta sti til høgre mot Hallehornet.

 

fjell
Scroll to Top