Påskestemning på Keipen

12. april 2020

Etter ein snøfattig vinter, var påska eksemplarisk fin med sol så langt ein kunne sjå på Yr-appen. Endeleg kunne vi leite fram skia, solkrem og appelsin igjen! 

Med forkjølinga hengande i kroppen var det ikkje sjølvsagt at eg skulle kome opp av sofakroken, men freistinga vart for stor! Planen var å ta trekket bak i Nottane og besøke Veirahaldet, ein kort og enkel tur. Men tanken på å måtte gå i kø på fjellet midt i påska freista lite. Då var det berre å hente fram litt ekstra krefter og gå for eit litt mindre bevandra turmål. 

Play Video

Sjå video her!

"Sola hadde steikt bra, og
det var tørt og fint i råsa"

Med skia på sekken og joggesko på beina, trakka eg og sambuar Stig oss roleg oppover Litledalen med Keipen/Lisjedalshornet som mål. Sola hadde steikt bra, og det var tørt og fint i råsa. På 500 moh. nådde vi igjen snøen, og vi fekk endeleg skia på beina. Så bar det oppover mot toppen av Keipen. 

Keipen er ein relativt kort skitur med lettent utsikt mot Sæbø og fjordkrysset i Hjørundfjorden. På toppen åt vi appelsina vår, kikra over på Skårasalen og tenkte på alle folka som gjekk i kø der, medan vi hadde fjellet for oss sjølve i strålande solskin.

Vi gjekk litt lenger opp mot Lisjedalshornet for å få mest mogleg god nedkøyring i mjuk påskesnø. 400 høgdemeter med jamn 35 grader helling. Ei rein nyting!

Keipen

VANSKEGRAD: middels
TYPE: skitur
SESONG: desember – april
TIDSBRUK: 2 – 4 timar opp
HØGDE: 965 moh.
KOMMUNE: Ørsta

Start 

Parker ved Heimste Holen i Bondalen og følg stien gjennom skogen langs Holelva.

Tips

Fin rute vidare til nabofjellet: Lisjedalshornet (1274 moh.)

 
fjell
Scroll to Top