8 luftige fjellryggar i Sunnmørsalpane

Er du av typen som likar å vandre langs luftige ryggtraversar? Sunnmørsalpane er kjent for sine kvasse og alpine fjellformasjonar. Dette gir eit perfekt utgangspunkt for førsteklasses tinderangling! Her er nokre utvalde turar i Ørsta kommune.

Hjørundfjordegga

Hjørundfjordegga

Her kan du vandre langs ei flott tinderekke, med spektakulær utsikt utover Hjørundfjorden og dei kvasse tindane rundt. Egga startar på det kjente fjellet Saksa. Ruta har fleire nedganger, og du kan velje å gå så langt/krevjande/luftig som du ønskjer. Vanskegrad: middels til krevjande.

Urkeegga

Urkeegga

“Veslebroren” til Hjørundfjordegga er Urkeegga, som er plassert eit steinkast unna. Stien er godt merkt, og passar for deg som ikkje likar det alt for luftig. Rundturen startar innover naturskjønne Langsæterdalen mot Slogen og Patchellhytta. Turen går over Maudekollen og Klokksegga, og her har du perfekt utsikt over Hjørundfjorden. Vanskegrad: middels.

Lynghalstinden

Lynghalstinden

Lynghalstinden (1100 moh.) har ein av dei luftigaste fjelleggene Sunnmørsalpane har å by på. I tillegg byr fjellet på den råaste utsikta over Hjørundfjorden og Sunnmørsalpane. På denne turen er det verdt å ha med kameraet i sekken. Vanskegrad: krevjande.

Liadalsnipa

Liadalsnipa

Liadalsnipa (924 moh.) er eit ikonisk fjell i Ørsta kommune. Oppstiginga er bratt med nokre utsette parti, så her gjeld det å trå varsomt. Toppen er stor og har flott utsikt mot Rovdefjorden og øyane i ytre. Ønskjer du ein rundtur kan du følgje ei kvass egg austover frå toppen. På slutten av egga må du klatre opp ein 4-metershammar, og mange vel å bruke tau her. Vanskegrad: middels til krevjande.

Standalstraversen

Eggvandring på Standalseidet

Fjellryggen sør for Standalseidet byr på luftig og kjekk klyvring. Turen er om lag 13 kilometer lang og går over 8 fjelltoppar. Samlar du på fjelltoppar, får du mykje igjen for “strevet” på denne turen! Enkelte plassar er svært utsett, så her bør ein ha med seg klatreutstyr. Vanskegrad: krevjande.

Romedalstraversen

Romedalstraversen

Romedalstraversen er ei luftig og fin fjellegg på ca. 10 kilometer som går over 10 fjelltoppar. Ein krevjande tur for dei som ynskjer ei utfordring med eksponert eggvandring med klyvring og klatring. Vanskegrad: krevjande.

Trandalhatten

Trandalhatten til Tungremtindane

Tek du båt mot den vesle bygda Trandal, får du fort auge på det ikoniske fjellet Trandalhatten (1140 moh.) Med sin karakteristiske formasjon, er dette ein topp ein “berre må opp på”. Stien opp til sjølve toppen er bratt men lite eksponert. Toppen byr på vakker utsikt over Hjørundfjorden og bygdene rundt. Dersom du vel å gå egga vidare frå Trandalhatten, så starter verkeleg moroa! Ryggen er til tider svært luftig, med mange flotte fjellformarsjonar og magisk utsikt.  Egga held fram mot Tungremtindane, og er du i storslag kan du få med deg Seljeneshornet og Nesstaven på same tur. Vanskegrad: middels til krevjande.

Ørsta-Besseggen

Ørsta-Besseggen

Mosegga i Ørsta blir på folkemunne kalla “Ørsta-Besseggen”. Ein slak og fin rundtur over fem fjell i sentrum av Ørsta. Stien er enkel å følgje og du treng ikkje noko ekstra utstyr på denne turen. Vanskegrad: enkel til middels.

fjell
Scroll to Top