Ålesund

Ålesund er den største byen i Møre og Romsdal med i underkant av 50.000 innbyggjarar. Som følgje av bybrannen i 1904, er Ålesund blitt internasjonal kjend for sin særprega arkitektur i jugendstil med tårn, spir og fantasifulle ornament på husfasadane. Ålesund blir på grunn av dette ofte omtalt som Jugendbyen.

Ein fin måte å få oversikt over bykjerna på, er å gå dei 418 trappetrinna opp frå Byparken og opp til serveringstaden Fjellstua. Derifrå kan ein, i tillegg til å sjå byen, feste blikket på øyane rundt Ålesund og speide utover Atlanterhavsvegen.

Byen har mykje kulturelt liv og held årleg store festivalar som Jugendfest, Den norske matfestivalen og Høstscena kunst- og kulturfestival.

Foto: Synne Øye Myrvold

Eventyr frå Ålesund

Ingen eventyr enda!

fjell
Scroll to Top