Runde

Runde er ei øy i Herøy kommune på Sunnmøre som er internasjonalt kjend for fuglefjellet, med mellom anna den ikoniske lundefuglen. Den er eit ynda objekt for naturglade fotografar frå heile verda. Med ein kort tur opp på fjellet eller ein tur ut i båt er det enkelt å få auge på fuglen, som også vert kalla sjøpapegøye, med det karakteristiske raude nebbet.

Runde har også mykje besøk frå dykkarar som ynskjer å finne gull- og sølv-myntar etter “Akerendam”-forliset ved øya på 1700-talet. I 2009 vart den internasjonale forskingsstasjonen Runde Miljøsenter etablert.

Runde Fyr  – DNT  

DNT si turisthytte på Runde | Foto: Synne Øye Myrvold

Eventyr frå Runde

fjell
Scroll to Top