Stranda

Stranda kommune er ei mykje besøkt kommune på Sunnmøre. Mange reiser langt for å å få renne i bakkane til Strandafjellet Skisenter. I tillegg ligg naturpærlene Geiranger og Hellesylt i Stranda kommune, som er ynda turistmål om sommaren. Frå Stranda kjem også Grandiosa og Strandaskinke.

Stranda kommune er omkrinsa av Storfjorden, Sunnylvsfjorden og Geirangerfjorden. Kommunen grensar mot: Ørsta, Volda, Sykkylven, Stordal, Norddal, Skjåk i Oppland og Stryn i Sogn og Fjordane.

Geiranger | Foto: Synne Øye Myrvold

Geiranger

Geiranger er plassert inst inne i Gerangerfjorden, ein sidefjord av Storfjorden. Med majestetisk natur, frodige fossefall, mektige fjell og ein klar, djup fjord har Geiranger sikra seg ein plass på “verdsarvlista” til UNESCO. Bygda er eit av Noregs mest kjende turistmål og byr på attraksjonar som: Geirangervegen og Ørnevegen, utkikkspunkta Flydalsjuvet, Ørnesvingen og fjellet Dalsnibba. Frå den berømte Geirangerfjorden kan du sjå fossefalla Bruresløret, Friaren og De syv søstre. I ein sidedal ligg Storsæterfossen, eit fossefall ein kan gå bak og oppleve på verkeleg nært hald. Geiranger har årleg besøk av cruiseskip og er ein turistmagnet – særleg i sommarhalvåret.

Hellesylt

Tettstaden Hellesylt ligg i enden av Sunnylvsfjorden, ikkje langt frå Geirangerfjorden. Eit fint utgangspunkt dersom du til dømes ønskjer å padle Gerangerfjorden med kajakk. Hellesylt ligg under ein konstant trussel frå at fjellpartiet Åkerneset skal rase ut i fjorden og skape ei flodbølge som vil ødelegge store deler av bygda. Det er her den norske katastrofefilmen “Bølgen” er spelt inn.

Ljøen | Foto: Tone Solhaug

Eventyr frå Stranda

Ingen eventyr enda!

fjell
Scroll to Top