Eventyrleg rundtur

Urkeegga er plassert eit steinkast unna Slogen og Hjørundfjordegga. Ruta er på 10 km og stien er godt merkt. Ein perfekt tur for deg som elskar førsteklasses utsikt over fjord og fjell, utan at det blir for luftig. 

Det er ein varm dag midt i juli. Fellesferien har starta, og det er ikkje mykje plass igjen på Fjord1-ferja som skal frakte oss frå Sæbø til Lekneset. Vennar busett i Oslo har leita seg heim igjen og er supergira på å få seg ein ny tur i det majestetiske tindelandskapet. 

Play Video

Sjå video her!

"Skodda svirrar trolsk rundt oss, men snart sprekk skydekket opp og Slogen helsar som eit Soria Moria slott litt lenger framme"

Vi vel å starte turen inn over den naturskjønne Langsæterdalen mot Slogen og Patchellhytta. Skodda ligg tett når vi parkerer bilen. Vi kryssar fingrane for at den vil lette når vi kjem lenger opp og startar på den godt merkt råsa innover dalen. 

Det blir eit obligatorisk stopp ved flymotoren som er utstilt langs stien. Motoren stammar frå andre verdskrig, då tyske fly vart skotne ned i bygda. Det eine flyet styrta ved Myrsætra.  

Skodda svirrar trolsk rundt oss, men snart sprekk skydekket opp og Slogen helsar som eit Soria Moria slott litt lenger framme. 

Ved Storevatnet tek vi av til høgre og startar på eit litt brattare parti opp mot Jenteskaret. Her glitrar fjorden 900 meter lenger nede og vi er ferdige med den tyngste delen av turen. Sola strålar om kapp med fjorden, og turen vidare går behageleg lett over den breie egga. 

"Medan vi ventar på ferja,
et vi is og tøyer ut i det eirgrøne sommargraset"

Her møter vi fleire glade turgåarar som har valt å gå den andre vegen. Vi får kryssa av både Maudekollen (1021 moh.) og Klokksegga (944 moh.) før vi kjem bort til den nybygde gapahuken “Egilbu”. Her tek vi oss god tid til å nyte både utsikta og matpakken. 

Vi ser på klokka og oppdagar at dersom vi skal rekke neste ferje må vi raske på! Turen ned igjennom skogen går overraskande fort. Kanskje fordi vi ikkje lenger ser fjorden og ikkje må stoppe heile tida for å fange augeblikka på minnekortet?

Etter ein varm dag i fjellet, har vi ein felles tanke når vi kjem ned til bilen. Vi vil ha IS! Vi stikk innom Urke landhandel som framleis er open. Det er ingen inne i butikken, men etterkvart kjem eigaren inn. Ho kan opplyse at butikken stengte for ein time sidan, men sjølvsagt skal vi få kjøpe is. Takk og lov for servicen på Urke! Dette gjer turen komplett, og medan vi ventar på ferja, et vi is og tøyer ut i det eirgrøne sommargraset. Snipp snapp snute, så var turen ute. 

Urkeegga

VANSKEGRAD: middels
TYPE: fottur
SESONG: juni – september
TIDSBRUK: 5 – 8 timar
LENGDE: 10,5 km
KOMMUNE: Ørsta

turen består av desse toppane
  • Maudekollen (1021 moh.)
  • Klokksegga (944 moh.)
Start
  • Køyr bomveg frå Urke inn Langseterdalen og parker i enden av vegen ved inntaket til kraftverket. Følg stien sør for elva vidare innover dalen.
  • Du kan også velje å gå motsatt veg, med ei bratt oppstiging gjennom skogen.
 
fjell
Scroll to Top