Verdas vakraste fjelltravers

Er du som meg og ikkje kan få nok av luftige ryggtraversar? Då vil du elske Hjørundfjordegga. Her kan du vandre langs ei flott tinderekke, med spektakuler utsikt utover Hjørundfjorden og dei kvasse tindane rundt.  

Ein haustdag i september då Yr melder sol og varmegrader tek eg, sambuar Stig, og venneparet Trygve og Silja ferja over til Lekneset frå Sæbø. Planen for dagen er Hjørundfjordegga!  Denne egga synest eg er vel så fin som dei meir kjende eggene; Romsdalseggen og Besseggen. OG, Hjørundfjordegga har eit stort pluss. Her slepp du kø! 

Vi parkerer ved Urke og startar på oppoverbakken gjennom skogen. Denne stien er litt bratt og tung, men høgdemeterane går fort og vi får snart løn for strevet. Vi tek ein liten pause ved “Bentebu”, ein fin gapahuk med utsikt over Norangsfjorden. 

Stig, Silja og Trygve på veg opp til Saksa som er første topp på Hjørundfjordegga.

"Om ikkje utsikta mot dei majestetiske tindane som Slogen, Jakta og Dalegubben får fram nasjonalkjensla i deg, så bør du kanskje ta deg ein tur til legen"

Frå Bentebu opnar skogen seg og vi kan snart nyte utsikta av Hurtigruta som kjem glidande på den glitrande fjorden. Her merkar vi at hausten har slått inn for fullt. Lauva på bjørketrea strålar mot oss i gult og brunt.

Opp til toppen av Saksa (1073 moh.), er det tilrettelagt med steinlagde trappetrinn. Her har sherpaar lagt stein på stein, som gjer det enkelt å kome seg gjennom ura.  

Når vi kjem til første topp av Saksa er “jobben gjort”. I staden for å gå med ryggen til Hjørundfjorden, får vi no panoramautsikt over hjartet av Sunnmørsalpane. Om ikkje utsikta mot dei majestetiske tindane som Slogen, Jakta og Dalegubben får fram nasjonalkjensla i deg, så bør du kanskje ta deg ein tur til legen…

"Saksa har blitt ein populær tur, og på finvêirsdagar kan ein møte mange folk på den første toppen"

Saksa har blitt ein populær tur, og på finvêrsdagar kan ein møte mange folk på den første toppen. Fjellet består av tre “toppar” og det er mest vanleg å berre gå opp til den første. Men dei som stoppar her, veit ikkje kva dei går glipp av. Frå første topp er det raudmerkt og skilta vidare over Hjørundfjordegga.

Eg, som føretrekk kjensla av å ha “toppen for meg sjølv”, foreslår kjapt at vi skal gå vidare til neste topp, som har like fin utsikt over fjordkrysset i Hjørundfjorden og Sæbø. 

På baksida av Saksa er der eit litt bratt og til tider glatt parti. Her er det montert opp kjetting. 

Vi går vidare til Breifonnhornet (1084 moh.) og Røyrfonnhornet (1172 moh). No har vi kome halvvegs på Hjørundfjordegga. Her er det skilta to returruter, for dei som ikkje ønskjer å gå heile traversen. Den kortaste ruta går ned skaret til Maradalen, heilt ned til fjorden. Denne ruta krev båtskyss. Daniel som driv skyssbåten på fjorden er alltid klar for å hente deg. Du kan finne telefonnummer på skiltet i skaret og ved fjorden. 

Stien vidare byr på meir klyving og eksponert landskap. Trygve og Silja kjenner at forma ikkje er på topp i dag, og vel å følgje den andre merkte ruta ned Røyrfonndalen til Urke.

Stien over Hjørundfjordegga er brei og fin.

"Vi har lenge drøymt om å få stå på toppen, og gliset går rundt når eg endeleg får posere oppe på steinen"

Eg og Stig tek optimistisk fatt på siste del av turen. Her møter vi eit par som fortel oss om eit luftig parti lenger framme og at dei valde å snu. Dette skulle sikkert verke som ei åtvaring, men vi blir ekstra gira på å fortsette. Vi elskar nemleg når det blir bratt og luftig. Vi klyv oss vidare og kjem til enden av sjølve Hjørundfjordegga. 

Her kjem sele og tau fram før vi klyv med løpande sikring mot avstikkaren; Vippesteinen. Dette er ein malplassert stor stein som ligg og “vippar” på den luftige fjellegga. Vi har lenge drøymt om å få stå på toppen, og gliset går rundt når eg endeleg får posere oppe på steinen. 

No er det berre nedoverturen igjen. Vi klyv tilbake den luftige egga, tek av klatreutstyret og går ned til Nordkoppen. Det verker i heile kroppen, og knea mine er svært takknemleg for at vi parkerte ein bil oppe i Urkedalen. Det er i slutten av september, og vi når så vidt ned til bilen før det mørknar rundt oss. 

Tinderangling på Vippesteinen.

Hjørundfjordegga

VANSKEGRAD: middels til krevjande
TYPE: fottur
SESONG: juni – oktober
TIDSBRUK: 10 – 12 timar
LENGD: 10,5 km + veg
KOMMUNE: Ørsta

Turen består av desse toppane
  • Saksa (1073 moh.) 
  • Breidfonnhornet (1084 moh.)
  • Røyrfonnhornet (1172 moh.)
  • Elsantindane (1398 moh.)
Start
  • Lekneset: Ein kan finne turskilt frå ferjekaia og forbi eit gårdstun. Her kan ein følgje ein traktorveg i retning av Leknesnakken. Gå mot nord og følg stien som fører skrått nordover mot Leknesdalen.
  • Urke: Stien frå Urke er meir tilrettelagt. Frå Lekneset køyrer ein 1,8 km til Urke. Her er det merkt ved parkeringsplass til “Saksa”. 
Tips
  • Parker ein bil eller syklar ved Haukåssetra i Urkedalen for enklare retur.
  • Avstikkaren til Vippesteinen er svært krevjande. Her du bør ha mykje erfaring eller guide.
fjell
Scroll to Top