Flø

Fine kritkvite strender, bølgjene kan slå hardt innover dei og vinden verkeleg ta tak i det vesle av vegetasjon som finst, men innimellom er storhavet snilt og du kan nyte ein fantastisk solnedgang – på Flø.

I bygda med om lag 170 innebyggarar i Ulstein kommune har folk levd av havet og dyrka jorda etter beste evne i generasjonar. Og det har budd folk der lenge, på Flø finn ein gravrøyser som er frå bronsealder og jernalder.

Med havet som næraste nabo og med strandmeter etter strandmeter, tek også mange surfarar turen til Flø. Her rir dei på bølgene og får utfalde seg i vakre omgjevnader. Nokon søker også utfordringar ved å klatre opp på kampesteinar – buldring – som har vorte ein populær aktivitet langs sjøkanten på Flø.

Buldring på Flø. | Foto: Tone Solhaug

Eventyr frå Flø

Ingen eventyr enda!

fjell
Scroll to Top