Alle treng ei lita tue

Sjølv om eg elskar kvasse tindar og utfordrande egg-traversar er det ikkje alle dagar eg orkar dette. Kanskje eg har hatt ein tøff dag og har mest lyst til å finne sofakroken med ein tankelaus serie på Netflix. Men eg veit, at det eg eigentleg treng er ei lita tue og eit forfriskande skogbad. 

Det er ikkje alltid like lett å kome seg over dørstokken etter ein lang dag med jobb eller skule, men eg angrar som regel aldri når eg først har kome meg ut. 

Mitt “go to” fjell når eg er sliten er Tua ved Eidheim. Her kan eg la beina gå av seg sjølv, medan eg kan reflektere over livet, eller berre finne kvilepulsen.

Tid for refleksjon.

"Her kan eg vere meg sjølv, reflektere og kjenne etter"

Tua er min fristad. Her har eg gjort yoga, meditert, ledd og gråte. Her kan eg vere meg sjølv, reflektere og kjenne etter. Kanskje eg finn løysingane på problema på jobb eller kanskje vanskelege tankar blir mindre viktige.

Bak steinen på Tua kan eg sitte i timesvis, speide utover horisonten i det fjerne og la pulsen senke seg.  

I eit prestasjonssamfunn med mykje stress, har behovet for avkopling blitt viktig. Her kan vi lære frå japanarane og ta eit “Shinrin-joku”, eller på godt norsk kalla eit “skogbad”. Tanken er at ein skal gå roleg i naturen, bruke sansane og trekke til seg omgivnadane rundt seg. I staden for å fokusere på å få opp pulsen og bli sveitt er tanken at du skal ta eit mentalt bad i naturen. Bli “i eitt” med skogen, jorda, vinden, insekta og sola. Veldig fint konsept – synest eg! 

Eit skogbad kan føre til
  • betre immunsystem
  • lågare blodtrykk
  • mindre stress
  • betre mental helse

Eit skogbad kan også føre til at du tek betre val, blir meir kreativ og er meir førebudd på å løyse problem i kvardagen. Så dersom du er stressa ein dag: Finn deg ei lita tue, ein sti i skogen eller berre kom deg vekk i frå “mas og kjas” med eit lite skogbad.

Tua

VANSKEGRAD: enkel
TYPE: fottur
SESONG: året rundt
TIDSBRUK: 1/2 – 1 time opp
HØGDE: 380 moh.
KOMMUNE: Volda

Start

Køyr til Berkvika/Indre Lid og opp vegen der det er skilta “Eidheimvegen”. Etter at du har passert parkeringsplassen til Lidaveten, køyrer du litt lenger, og parkerer i ei avkøyrsle på høgre side. Her startar stien oppover mot Tua.

Vegen startar over ei mark, før den vidare fører inn i skogen. Stien er godt merkt men kan vere litt vanskeleg å finne starten på. I skogen deler stien seg i to. Dersom du tek stien til høgre, er det berre å følgje ein godt merkt sti opp mot Tua. Du kan også velje å gå stien til venstre. Då følgjer du ein rygg og får utsikt over Ørstafjorden. Når du kjem opp ryggen kan du anten velje å gå mot venstre til Helgehornet, eller følgjer stien mot høgre opp på Tua.

fjell
Scroll to Top