På mikroeventyr med hengekøye

12. mai 2020

Det er ein av dei mange regntunge dagane i oktober. Vi sit på biblioteket og skal pugge til eksamen, men tankane går til alle andre stadar enn teoriboka, og Yr-appen blir ofte besøkt. – Åj! he dokke sett vêrmeldinga for i morga? D e meldt kjempevarmt og opplett. På tide å leite fram diskokula! 

Om nokre dagar har eg, Synne og Live skuleeksamen, men vi har fått nok av veggane på biblioteket. Vi må ut! Men kvar skal vi fare? Tanken går til dei høge toppane, men ingen føler for ein langtur. 

– Ej veit om en hemmelig plass, fortel eg. En stad der vi berre treng å gå eit lite stykke. I morgonkveld skal hengekøya brukast!

"Etter ti minutt med strev gjennom skogen er vi der. På ein haug midt i skogen, ein magisk plass, berre for oss"

Så til pakkinga, det er heilt typisk. Uansett kor god tid ein har på førebuinga, blir det ALLTID stress. Vi skal møtast om ein time, og eg har utsett pakkinga pga. eksamenslesing. No står eg her, skal lage klar tacoen, pakke overnattingsutstyr og kle. Kor mykje kle treng eg? Vi skal ikkje gå så langt, så då tek eg med litt ekstra… Det blir mykje ekstra. Ein heil 90-liters sekk, og ein stor pose med mykje mat. Jaggu bra vi ikkje skal gå så langt. Etter ti minutt med strev gjennom skogen er vi der. På ein haug midt i skogen, ein magisk plass, berre for oss.

Vi finn “the perfect spot”, heng opp hengekøyene, riggar til primus og varmar taco. Med noko godt i glaset kan kvilepulsen kome. Vi nyt maten, høyrer på fin musikk i bakgrunnen og koser oss i lyset av diskokula (ja, diskokula må sjølvsagt vere med). Det er midt i oktober, men gradestokken viser over 15 grader!

Live lagar middag på primus.

"Med lydbok på øyrene og stjernehimmelen som soveromstak er det berre å la roa senke seg"

Vi legg oss på rygg og ser på stjernehimmelen. Campingplassen vår er ikkje langt frå eit byggefelt, men det er ingen lysforureining, og vi kan telje stjerneskot og briljere med namna på stjerneteikna over oss. Etter nokre rundar med Yatzy, oppdagar vi at klokka er over to om natta allereie. På tide å krype opp i hengekøyene.

Eg er ikkje den som sovnar lett, men når ein ligg i hengekøya gjer ikkje dette noko særleg. Med lydbok på øyrene og stjernehimmelen som soveromstak er det berre å la roa senke seg.

Sola bryt igjennom trea rundt klokka ti neste morgon. Vi har blitt i eitt med naturen, og følgjer det rolege tempoet til “moder jord”. Vi lagar oss frukost og gjer vår eiga greie. Medan eg mediterer og gjer yoga, klatrar Live i tre og Synne tek bilde. Alt maset om eksamen og kvardagsproblem er som blåst vekk. Vi har funne roa i naturen, og alle andre stressmoment har liksom blitt mindre viktige.

Tips til lågterskeltur

  • Ta deg gjerne småturar i nærområdet og sjå deg ut campingplassar på førehand.
  • Ein treng ikkje å gå langt. “Glamping” er noko av det beste (der huset/bilen) ikkje er langt unna. Då kan ein ha så mykje utstyr ein treng (+ litt ekstra) lett tilgjengeleg.
  • Lag maten på førehand. Då går det fort å varme opp igjen maten på primus.
  • Pakk med nok kle: er du av typen “frostpist” (som meg) er det betre å ha for mykje kle. Ull er gull.
  • Ta gjerne med sosiale ting som spel og musikk.
fjell
Scroll to Top