Tek du båt mot den vesle bygda Trandal, får du fort auge på det ikoniske fjellet Trandalhatten (1140 moh.) Med sin karakteristiske formasjon, er dette ein topp ein “berre må opp på”. Stien opp til sjølve toppen er bratt men lite eksponert. Toppen byr på vakker utsikt over Hjørundfjorden og bygdene rundt. Dersom du vel å gå egga vidare frå Trandalhatten, så starter verkeleg moroa! Ryggen er til tider svært luftig, med mange flotte fjellformarsjonar og magisk utsikt. Egga held fram mot Tungremtindane, og er du i storslag kan du få med deg Seljeneshornet og Nesstaven på same tur. Vanskegrad: middels til krevjande.