Født og oppvaksen i hjartet av Sunnmørsalpane. Heilt frå eg var lita har eg vore med på tur høgt og lågt i desse flotte fjellformasjonane.
Aller best likar eg å balansere longs dei kvasse tinderekkene, med kjensla av at eg kan sjå til verdas ende. Men eg likar også kvilepuls i lyngen, sjelero i kajakk, mikroeventyr i skogen og rolege netter i Sunnmørsnaturen.
Eg ønskjer å vise fram leikeplassen min, Sunnmørsalpane, og alle dei varierte opplevingane naturen her har å tilby.
Dei gamle Fjell i Syningom er altid eins at sjaa, med same gamle Bryningom og same Toppom paa. I Bygdom byggja Sveinarne, og Huset stender laust; men dei gamle Merkesteinarne dei standa lika traust.