Ein sein sommarkveld i sit eg og sambuar Stig og vaglar på Åvasstind. Vi ser mot Romedalen, og det er her eg får ideen. – Hadde d ikkje våre kult å gå dinna tinderekka der på langs?!
Så, litt spontant året etter pakkar vi sekken og gjer oss klar. No har eg drøymt lenge nok, dette vil eg realisere.
Vi startar tidleg om morgonen. Det er blå himmel og sola varmar godt allereie. Det første fjellet vi skal opp på er Årsæterhornet (1047 moh.). Etter litt slakk skogvandring kjem vi opp til det fine Ljøsådalsvatnet. Her er det superidyllisk, og eit par som har overnatta i telt, koser seg med frukosten.
Frå vatnet blir det ei bratt stigning opp gjennom ei urete fjellside. Eg pustar letta ut når vi når toppen av Årsæterhornet, og endeleg får utsikt. Vi er no ferdige med dei tyngste høgdemeterane på turen.
Vi vandrar langs egga bort til Kjerringa (1130 moh.). (Om ein ikkje ønskjer å gå heile Romedalstraversen, vil eg råde til ein tur på Kjerringa. Toppen er ganske så kul, og har flott utsikt over Ørsta og fjorden.)
Frå Kjerringa tek vi ein liten rappell, før vi går vidare bortover til Mannen (1133 moh.). Her får vi ei lita taulengd opp. Medan Stig og Jonny riggar til tauet og startar på klatringa, får eg ein “time-out” i lyngen. Deilig å kunne slappe av litt og nyte sola.
Ned frå Mannen er det klyving. Det har no blitt nærare 30 varmegrader, og drikkeflaskene er snart tomme! Vi er langt frå halvvegs på turen på ei rute som har lite eller ingen tilgang til rennande vatn.
Vi finn oss heldigvis ein einsam snøflekk som klamra seg fast bak Mannen, og får smelta nok vatn til flaskene.
Ei luftig, men brei og fin egg fører oss vidare til Søre Raudfonndalstind (1049 moh.). Her ser vi med gru at mørke skyer kjem faretruande nærare og snart høyrer vi tordenskrall i det fjerne. Bekymra kikrar vi mot torevêiret og lurer på om vi må gå ned igjen. Men skyene har heldigvis andre planar, og vi kan fortsette på turen vår.
Vi held fram over dei tre Raudfonndalstindane. Her er det flott klyveterreng og eg er høg på livet. For meg er det noko særeeige og mediterande ved å klyve langs ei kvass fjellegg. Fokuset er 100 % på det ein driv på med, og trakkar ein feil eller er uoppmerksam kan dette få store konsekvensar. Med dette fokuset forsvinn verda rundt meg og det er berre meg og fjellet. Noko eg skal meistre og “vinne over”.
Neste topp er Sveddalstinden (1042 moh.) Her blir terrenget brattare, og vi må rigge ein luftig rappell. Det er mykje laus stein her, men alle kjem seg heilskinna ned.
Det har no blitt seint på kvelden og himmelen eksploderer i ein fargesprakande solnedgang. Vi tek oss ein god pause og nyt utsikta. Det er midt på sommaren og sola rekk så vidt ned bak horisonten før den igjen kjem til syne med ein like fantastisk soloppgang. På den eine sida av fjellryggen har vi månen som lyser opp for oss, og på den andre sida har vi soloppgangen. Meir magisk opplevelse skal ein leite lenge etter!
Ved Høgehornet (1040 moh.) klatrar vi ei taulengd til toppen. Vidare er det relativt enkelt men luftig klyveterreng bortover til to namnlause toppar. Det er skymt, og alle har blitt trøtte og slitne. Sidan konsentrasjonen ikkje er på topp lenger, vel vi å gå løpande (innbotne i tau) langs siste del av egga.
Heldigvis har vi vore så framtenkte og parkert ein bil på Steinstøylen. Klokka er halv seks om morgonen og vi har vore på tur i 17 timar i strekk. Ved bilen omfamnar eg Stig i sveitt lykkerus.
– Tenk at vi klarte det! Romedalstraversen – CHECK!
VANSKEGRAD: ekstra krevjande
TYPE: fottur/klatretur
SESONG: juni – september
TIDSBRUK: 15 – 20 timar
LENGD: 11 km + veg
KOMMUNE: Ørsta
Parker ved Mosætra (bomveg) og følg stien mot Kjerringa.
Parker ein bil eller syklar ved Steinstøylen i Romedalen for enklare retur.