Skorgedalen er ein perfekt overgangstur frå Vartdal til Skorgeura i Ørsta kommune. Terrenget er slakt, og her er det uendeleg med perfekte teltplassar langs den vakre Skorgeelva. Tilkomst: Frå Vartdal køyrer du framover Årsetdalen til du kjem til ein bomveg på høgre side av dalen. Råsa starter i enden av fjellvegen.
Om du startar frå Skorgeura parkerer du på oppsida av Vik Ørsta, ved Skorgebrua. Ei rås går bratt oppover til venstre for parkeringsplassen. Herifrå kjem du inn på ein traktorveg, som du følgjer oppover til du kjem til starten av råsa.