Tungremtindane består av tre toppar, og medan resten av turgjengen går vidare til topp nummer to, får eg og Live den første toppen for oss sjølv. Det er vanskeleg å beskrive korleis eg har det akkurat no. I tillegg til å kjenne på ei enorm meistringskjensle får eg dele opplevinga og den magiske utsikta med ei god venninne.
Nede på fjorden ser vi båten vår kome glidande gjennom vatnet, med mål mot Trandal. Planen er å renne ned Nesdalen. Her får vi kjekk skikøyring i fin slusj før skia må på sekken igjen og vi trakkar oss ned mange høgdemeter til Nes.
Turen har vore lang og dryg, og eg blir letta når eg ser Daniel Storeide som ventar på Nes med ein gammal lastebil, klar til å frakte oss inn til Christian Gaard. Å sitje på det gamle lasteplanet er ei oppleving i seg sjølv. Alle gliser frå øyre til øyre og det kiler litt i magen her vi humpar avgarde på den supersmale grusvegen.
I den lune, varme stova på Trandal, med god stemningsmusikk over anlegget, muntre skigåarar og vin i glaset, reflekterer vi over dagens tur og ser over bilda på kameraet.
Mannskapet på båten Slogen står klare på dekk og grillar middag til oss. Det luktar godt og det rumlar i ein svolten mage. Båten køyrer mot Sæbø igjen, og dei som vil kan mjuke opp stive skimusklar i badestampen på dekk. Snakk om luksus på førsteklasse!