Her startar også folkevandringa. Det blir no tydelig at vi ikkje er dei einaste som har tenkt oss på toppen av dronninga i dag. Her er det brattare, men forma er god, og det går leikande lett oppover. Når vi nærmar oss toppen blir det litt meir luftig og meir klyving.
På veg opp mot sjølve toppen er der mange fine fotopunkt, og vi tek oss god tid til fotografering og nistepakken.
Vi når toppen og kan nyte den vakre utsikta. Sjølve toppen er ikkje så stor, så pausen blir ikkje så lang, før vi let andre sleppe til.
Slogen er majestetisk, vill og vakker. Eit fjell eg vil anbefale til dei aller fleste, men det er ikkje slik at alle absolutt må opp dit. Har du høgdeskrekk vil eg heller anbefale deg å gå Urkeegga. Den byr på noko av den same utsikta, utan å vere spesielt luftig. Les om Urkeegga her