Hustadnestua er ein av dei turane eg veit om som har vakrast utsikt for minst mogleg slit. Så denne dagen køyrer eg, Stig, Trygve og Silja mot Sæbø på jakt etter ein lågterskeltur.
Turen startar gjennom gardstunet på Hustadneset. Sjå etter merkinga på den kvite garasjen og følg stien oppover. Her går du forbi eit koseleg gardstun med raud låve og traktor, frodige marker med lilla blomster og epletre med store kvite blomster. Snakk om bonderomantikk!
Turen snirklar seg roleg opp gjennom skogen og er godt merkt. Sjølve toppen stikk så vidt over skoggrensa. Her kan du skrive deg i toppbok, eller berre nyte den vakre postkortutsikta. Her har du ypparleg utsikt over Saksa, Slogen og Stålberghornet.