Eg blir “jaga” av stad for å finne den perfekte fotospotten. Frå ei berghylle eit stykke unna, ser eg berre nokre prikkar i det fjerne som gjer seg klar. Men, det er ikkje vanskeleg å forstå korleis stemning er, for høyre dei gjer eg.
– Å fyy faaen, no grur ej mej!
– Shit, det er høgt!
– Kar skal ej plassere føtene mine?
– Hjelp!
Heiagjengen er på plass, og positive tilrop kjem frå bakken.
– Steik du e rå!
– Kom igjen! Ditta klare du!
Malin nærmar seg toppen. Frå pinakkelen kjem det ropande
– Tone, e du klar?! No he ej opp hendene!
Ein etter ein når alle toppen, og alle får det obligatoriske “toppbildet” frå Bladet. Dette var ein slik dag der alt klaffa. Vêiret, folka, fjellet.
Med eit stort glis om munnen køyrer vi heim igjen, og vi er alle einige om ein ting
– Det blir ikkje stort betre enn ditte!