Tinderangling over skyene

Saudehornet til Nivane

Kven skulle tru at ein grå og skoddetung haustdag i Ørsta kunne by på eit slikt eventyr? Over skyene venta sol, mektige tindar og ei luftig fjellegg. Fire toppar, litt sommarfuglar i magen og rundt 1000 bilete på minnebrikka.

Det er ein grå haustdag i Ørsta. Skodda ligg tjukk over sentrum, men kanskje skin sola der oppe, ein stad over det grå skylaget? Eg og Stig bestemmer oss for å prøve lykka og legg i veg mot Saudehornet.

Saudehornet og Nivane_Foto Tone Solhaug

Det tek heldigvis ikkje mange høgdemeterane før skodda byrjar å lette. Plutseleg bryt vi gjennom skylaget, og over oss er himmelen blå, medan eit endelaust hav av skyer breier seg ut under oss. For ei forvandling!

Det er noko heilt spesielt med å vere over skyene. Verda kjennest liksom litt mjukare, lydane frå sentrum blir dempa og kvardagen forsvinn under skoddehavet. Ei herleg kjensle av ro, fridom og glede.

"Mental styrketrening, så vel som trening for lårmusklane, der altså!"

Vi går opp i Skåla og vidare til Vallahornet (834 moh.), før vi held fram mot Saudehornet (1303 moh.). Sjølve toppen er ikkje store flekken, men utsikta er desto større! Herfrå legg vi i veg langs den luftige egga over til Vardehornet (1010 moh.). Endeleg litt klyving igjen!

Det er ei god stund sidan sist eg har vore på ein skikkeleg klyvetur. Eg har aldri vore særleg plaga med høgdeskrekk, men denne gongen merkar eg noko uvant, litt suget i magen! Ikkje slik at eg blir redd, men nok til at eg legg merke til det.

Fascinerande kor mykje eksponering har å seie for kva vi kjenner oss trygge på. Når vi gjer noko ofte, blir det kjent og naturleg. Men etter eit lengre opphald kan det som før kjennest enkelt, plutseleg bli litt meir utfordrande. Og det gjeld vel det meste her i livet?

Klyvinga langs egga er relativt enkel, men terrenget er luftig og krev at ein er trygg på eigne vurderingar. Her må ein vere til stades, finne gode tak og stole på seg sjølv. Og kanskje er det nettopp slike erfaringar av meistring vi kan ta med oss vidare i andre delar av livet?
Mental styrketrening, så vel som trening for lårmusklane, der altså!

Saudehornet og Nivane_Foto Tone Solhaug

"Sjølv om det er grått nede i bygda, veit eg at sola framleis skin der oppe, ein stad over skyene."

Etter kvart kjem vi over til Nivane, og skoddehavet ligg framleis som eit mjukt teppe over landskapet. Berre dei høgaste fjelltoppane stikk opp som små øyar.
Og Stig får verkeleg testa tolmodet sitt på denne turen! Eg har nemleg hatt kameraet flittig i bruk. Kvar gong eg trur eg har fått med meg det finaste, dukkar det opp noko endå vakrare. Ikkje akkurat den mest effektive måten å kome seg gjennom ei fjellrunde på, men kven har vel hastverk på ein dag som denne?

Vel heime viser det seg at eg har rundt 1000 bilete på minnekortet. Ikkje rart turen tok litt lenger tid enn planlagt!

På veg nedover forsvinn vi etter kvart inn i skodda igjen, tilbake til den grå haustdagen vi la bak oss tidlegare på dagen. Heldigvis ventar ein siste liten bonus: eit forfriskande bad i Skåla-kulpen.

Eg kjenner meg full av energi og glede etter opplevinga. Slike dagar fyller opp lageret med gode minne, som ein kan hente fram når regnet piskar mot ruta og dei mørke, regntunge haustdagane står i kø.

Og det beste av alt? Sjølv om det er grått nede i bygda, veit eg at sola framleis skin der oppe, ein stad over skyene.

VANSKEGRAD: krevjande
TYPE: fottur
SESONG: sommar og haust 
KOMMUNE: Ørsta

Saudehornet og Nivane – Vikaskåla rundt i høgda

Toppar: Vallahornet (834 moh.), Saudehornet (1303 moh.), Vardehornet (1010 moh.) og Nivane (998 moh.)

Medan turen opp i Vikaskåla og vidare til Vallahornet og Saudehornet er eit vanleg turmål for mange, går denne ruta rundt Vika-skåla og innom fire fjelltoppar. Klyvinga er relativt enkel for dei som er vande med slikt terreng, men enkelte parti er luftige og krev at ein er trygg på eigne ferdigheiter.

fjell
Scroll to Top