Sommarkveld på Runde

27. mai 2020

Eg har ofte vore på tur til fuglefjellet på Runde, og kvar gong eg har vore der, har eg tenkt – Neste gong, då skal eg ned til Runde Fyr! For det ser jo så idyllisk ut der det ligg, heilt ytst i havgapet. Men så, ein dag i august, klaffa det med både vêr og arbeidsfri, så då pakka eg og tante sekkane og la i veg mot Runde.

Då vi ankom Runde var det tydelig at turistsesongen var godt i gong. Det var fullt med bilar på parkeringsplassen, full campingplass, og turistar og turgåarar som vandra langs vegen. Etter å ha gått opp den første brattebakken frå Goksøyr tok vi til høgre mot Raudetinden

Runde Fyr sett frå Gjøttane/Raudetinden | Foto: Synne Øye Myrvold

Vegen vidare er ein vakker tur langs kanten av øya. Råsa er slakk og lett å gå, og på fleire stadar er det laga til tre-bruer over gjørmete område. Medan vi går tittar sola iblant fram frå bak skyene, og den obligatoriske Runde-vinden bles friskt i anletet.

Etter å ha gått eit stykke kjem vi til eit utkikkspunkt der vi ser det. Der, heilt ytters i havgapet, ligg Runde fyr. Vegen vidare går over Storehaugen. No har sola for alvor komt, så vi stoppar opp her og fyller på med solkrem, vatn og frukt før vi går vidare. På ein så nydelig dag er det ikkje berre vi som har teke turen til Runde – Vi møter fleire som har vore ned til fyret alleire, eller som også er på veg dit. 

Råsa ned til Runde fyr er bratt og smal. På det brattaste partiet er det satt opp eit rekkverk, og det er laga trappetrinn av store steinheller. Tanken på at vi må gå opp att her dagen etterpå, i mange og tjue varmegrader streifer oss. Men det skal nok gå fint det også. 

Foto: Synne Øye Myrvold

"Dette er ein slik stad der tida står stille, og ein berre kan vere. Sola skin, den salte havlufta fyller nasebora våre, og graset og blomane svaiar i vinden"

Vi kjem fram til fyret, og helsar på hyttevertane. Dei gir oss ein del praktisk informasjon, blant anna at vi må koke vatnet før vi drikk det. Vi finn oss eit rom, og fer deretter på oppdagelsesferd. Fleire andre turistar, både nordmenn og turistar frå andre land, har teke turen til Runde Fyr denne dagen. Ikkje alle var like godt forberedt.. Ein av dei som ankom hytta etter oss hadde trudd det var veg fram til fyret, og hadde difor pakka med seg
rullekoffert. For å få med seg denne på turen hadde han knytt tau rundt og festa den som ein ryggsekk. Kreativt!

Runde Fyr er ein slik stad der tida står stille, og ein berre kan vere. Sola skin, den salte havlufta fyller nasebora våre, og graset og blomane svaiar i vinden. Etter ei stund kjenner vi at det er tid for mat, og lagar oss ein enkel middag – Pitapizza, alltid ein slager på tur! Vi set oss ved vindauget og et pizza, sprettar Proseccoen og spelar kort til sola byrjar å nerme seg horisonten. Vi tek på oss skoa og går ut, og peilar oss inn på ei lita høgde der vi kan sitte og nyte solnedgongen. Vi sit der og beunderar utsikta heilt til sola har gått ned i havet, og mørket byrjar å krype fram. Snakk om fin avslutning på ein fin dag!

Runde fyr

VANSKEGRAD: enkel
TYPE: fottur
SESONG: året rundt
TIDSBRUK: 1 – 2 timar ein veg
LENGDE: 3,6 km ein veg
KOMMUNE: Herøy

Parker på den store parkeringsplassen ved Storevika, eit lite stykke før du kjem til Goksøyr Camping. Frå her følgjer du vegen til du kjem til ein skilta veg. Følg skilting til du er framme ved fyret. Om ein ynskjer kan ein gå via Raudetinden, eller ein kan gå via Fuglefjellet og Rundebranden.

fjell
Scroll to Top