Eksamenspause i Skorgedalen

20. mai 2020

Det var tidlig i juni. Eksamen-deadline var rett rundt hjørnet, og med det strålande vêret som hadde vore den siste tida var motivasjonen om lag lik null. Og kva gjer ein då? Jau, då fer ein på telttur!

Eg fekk med meg Silje, og vi pakka raskt saman det vi trengte til ei natt i telt. Turmålet denne gongen vart Skorgedalen – ein nydelig dal som strekkjer seg mellom Skorgeura og Vartdal. Med bratte fjellsider på kvar side, fjellvatn, elv, slakt terreng og generelt berre nydelig natur, er dette for meg ein av DEI plassane. Det gjer jo heller ikkje noko at ein her kan gå gjennom heile dalen, og dermed sleppe å gå tilbake den same vegen som ein kom!

Planen vår var å gå gjennom heile dalen. Vi parkerte difor ein bil i Skorgeura, og kjørte saman til Vartdal der vi parkerte på parkeringsplassen i enden av bomvegen. Sekkane vart pakka litt om, og vi la i veg.

"Vi beundra den fine naturen, fekk i oss litt vatn, åt ein kokosbolle (eller tre), og la plan for kvar vi skulle setje opp teltet."

Sidan vi kom oss av garde ganske seint var sola allereie i ferd med å gå ned, men vi rakk så vidt å sjå dei siste solstrålane skine på fjella høgt over oss. Vi gjekk forbi nokre gamle hytter, gjennom Skorgestøylen, og kom om litt fram til nokre vatn. Her tok vi av oss sekkane og sat oss ned for å ta ei lita pause. Vi beundra den fine naturen, fekk i oss litt vatn, åt ein kokosbolle (eller tre), og la plan for kvar vi skulle setje opp teltet.

– Nedover dalen og langs elva der! kom vi fram til. Det er jo alltid litt koseligare å telte langs elva.

Etter å ha fulgt råsa eit stykke gjekk vi av denne og byrja å skråe nedover mot elva, og det som såg ut til å vere ein finfin teltplass. Dalbotnen her såg ut til å vere ganske myrete, men på grunn av det varme vêret den siste tida gjekk det heilt fint å gå her, og beina våra vart ikkje noko våte.

Då vi kom ned til elva fann vi ei lita høgde i terrenget der vi sat opp teltet. Fornøgde med teltplassen vår, sat vi oss sjølve ned ved elva. Det var heilt vindstille, og vi kunne så vidt høyre elva som sildra stille ved sidan av oss. Sola hadde nok gått ned no, for himmelen byrja å få ein fin rosafarge. For ei sjelero!

Etter litt mat og kaldt fjellvatn var innteke var det tid for å krype ned i soveposane. Eg la meg fornøgd og med ny motivasjon for vidare eksamensarbeid dagen etter. Og begge var einige om at det var ein fiiin tur!

God natt! | Foto: Synne Øye Myrvold

Skorgedalen

VANSKELIGHEITSGRAD: Enkel
TYPE: Gåtur
SESONG: Mai – Oktober
TIDSBRUK: 3 – 5 timar
HØGDE: Maks 490 moh
LENGDE: 8 – 9 km
KOMMUNE: Ørsta

Du kan velge å starte turen på Vartdal eller i Skorgeura.

Om du startar på Vartdal får du ein fin tur i relativt flatt terreng, med eit brattare siste stykke når ein skal nedover gjennom Skorgeura. Ein kjører framover Årsetdalen til ein kjem til ein bomveg på høgre side av dalen. Herifrå kjøyrer ein oppover til ein kjem til ein parkeringsplass og starten på råsa. Turen startar på om lag 370 moh.

Om du startar frå Skorgeura kjøyrer du frå Ørsta til du kjem til Skorgebrua, på oppsida av Vik Ørsta. På oppsida av vegen er der ein parkeringsplass. Ei rås går bratt oppover til venstre for parkeringsplassen. Herifrå kjem du inn på ein traktorveg, som du følgjer oppover fram til du kjem til starten av råsa.

Greit å vite
  • Turen er ein overgongstur mellom Vartdal og Skorgeura, så her må du anten planlegge henting, eller gå tilbake same veg.
  • Skorgeura, som er første del av turen om ein går frå Ørsta/ura, er eit naturreservat, så her må det takast ekstra hensyn.
  • Skorgedalen er ein elvedal, så drikkevatn er lett å få tak i.
  • Dalen er på somme stader veldig trang, og med bratte fjell rundt er den veldig rasutsatt om vinteren og tidleg på våren.
fjell
Scroll to Top